Hopp til innhold

Tyrkia vil trassa Israels blokade av Gazastripa

Statsministeren i Tyrkia seier landet kjem til å senda hjelpeforsyningar til Gaza, beskytta av marinestyrkar.

TURKEY-ISRAEL/GAMBLE Turkey's Prime Minister

Det er iskalde frontar mellom Tyrkia og Israel etter det dødelege israelske åtaket på ein tyrkisk Gaza-konvoi i fjor. No varslar den tyrkiske statsministeren at dei vil senda nye hjelpeforsyningar til konfliktområdet.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Den tyrkiske marinen skal eskortera skip med humanitær hjelp til Gazastripa, opplyser statsminister Recep Tayyip Erdogan.

– Me har humanitær hjelp som ventar på å bli frakta til Gaza. Denne gongen vil den ikkje bli angripen, slik Mavi Marmara blei, seier Erdogan til Al Jazeera.

Nektar å be om orsaking

Det ein gong så gode samarbeidsklimaet mellom Tyrkia og Israel blei sett som ein hjørnestein for stabiliteten i regionen.

Men dei to landa har hatt eit kvasst horn i sida til kvarandre etter at Israel gjekk til åtak på ein tyrkisk Gaza-konvoi natt til 31.mai i fjor. Ni tyrkiske aktivistar vart drepne då israelske kommandosoldatar tok seg om bord i fartøyet Mavi Marmara.

Det tyrkiske skipet var del av konvoien med aktivistar som ville bryta Israel sin blokade av Gazastripa og senda varer og forsyningar til det palestinske området.

Israel har uttrykt sorg over at menneske mista livet då dei borda Mavi Marmara, men nektar å be om orsaking. Styresmaktene hevdar at israelske styrkar handla i sjølvforsvar.

Frå kjøleg til iskaldt

Forholdet mellom Tyrkia og Israel blei ytterlegare forsura etter at ein FN-rapport sist veke slo fast at den israelske sjøblokaden var lovleg, men at Israel nytta «overdriven og urimeleg makt» under militæraksjonen i fjor.

Tyrkia har utvist israelske toppdiplomatar, brote militært samarbeid med Israel, oppmoda andre land til å støtta palestinsk FN-medlemskap og varsla om at dei vil trappa opp patruljeringa i Middelhavet.

Erdogan seier til Al Jazeera at Tyrkia har tett oppsyn med internasjonale farvatn, og at dei har sett i verk tiltak for å hindra Israel i å halda fram med einsidig utvinning av naturressursar i det austlege Middelhavet.

TURKEY/MAVI MARMARA

Israel nektar å be om orsaking for det dødelege åtaket på det tyrkiske skipet Mavi Marmara natt til 31.mai i fjor.

Foto: Reuters/Scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt