Hopp til innhold

Turistar ut i verdsrommet – utan astronaut om bord

Milliardæren Jared Isaacman har med seg tre framande, vanlege folk på tur ut i verdsrommet. Ingen av dei er astronautar. I natt starta ferda.

Milliardæren Jared Isaacman har med seg tre framande, vanlege folk på tur ut i verdsrommet. Ingen av dei er astronautar. I natt starta ferda.

Romkapselen «Crew Dragon» vart vellykka skote opp frå Florida.

Romkapselen «Crew Dragon» vart vellykka skote opp rundt klokka to norsk tid natt til torsdag.

– Når dette oppdraget er fullført, kjem folk til å sjå på det og seie: «Det var første gong vanlege folk kunne reise til verdsrommet», fortel ein engasjert Jared Isaacman.

Tre dagar i rommet

Romkapselen Crew Dragon nådde kort tid etter den første banen sin, og raketten sette kursen tilbake mot jorda og landa på droneskipet Just Read the Instructions (JRTI) utanfor Floridas kyst.

Dragon-kapselen kom inn i den endelege banen på 585 kilometer over jordas overflate klokka 5 torsdag morgon norsk tid.

Det er ny høgderekord for Dragon, og er lenger ut i rommet enn Den internasjonale romstasjonen (ISS), som har ei banehøgd på 408 kilometer over jordas overflate.

I denne banen skal dei fire romturistane halde til tre dagar medan kapselen bevegar seg i ein fart på 28.000 kilometer i timen rundt jorda.

Trur på busetjing i verdsrommet

Ideen hans er at det ikkje lenger berre er dei med mest ressursar som skal ha høve til å reise til rommet. No er det vanlege folks tur, kan ein seie.

Isaacman og tre andre amerikanarar blir dei første som gjennomfører ei romferd utan profesjonelle astronautar om bord.

– Eg trur det vil sende ein beskjed om kva som vil komme. Vi veit at ein dag i framtida, 50 til 100 år frå no, kjem vi til å ha ein månebase, truleg med ein slags busetjing. Og det må begynne ein stad, seier Isaacman ifølge BBC.

Jared Isaacman, Chris Sembroski, Sian Proctor og Hayley Arceneaux.

38-åringen Jared Isaacman (bak) skal saman med Sian Proctor, Chris Sembroski og Hayley Arceneaux ut på ein tre dagars-tur i verdsrommet.

Foto: John Kraus / AP

– Alt som er nytt vil vere dyrt

Det er likevel ikkje ein heilt vanleg mann som har mogleggjort romferda.

Som 16-åring grunnla Jared Isaacman betalingsløysingfirmaet Shift4, som behandlar korttransaksjonar. I dag er det verdt rundt 56 milliardar norske kroner.

Jared Isaacman.

Jared Isaacman er også utdanna pilot, og vil ha rolla som leiar for ekspedisjonen.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Jared Isaacman er også utdanna pilot, og vil ha rolla som leiar for ekspedisjonen.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Isaacman har alltid vore ein romferd-entusiast. Som barn sa han til læraren sin at han skulle reise ut i verdsrommet når han blei stor. No brenn han for at alle barn som seier det, skal kunne gjere det. Men han legg ikkje skjul på at det kostar.

– Alt som er nytt vil vere dyrt, heilt til det blir vanleg. Men nokon må vere villige til å betale den dyre prisen før det skjer, seier han i eit intervju med Space.

Isaacman har i samarbeid med Elon Musks romfartsselskap SpaceX, fått liv i prosjektet som har fått namnet «Inspiration4».

Grunnleggar og sjef Elon Musk i SpaceX var på staden for å følgja oppskytinga av romkapselen.

Grunnleggar og sjef Elon Musk i SpaceX følgde oppskytinga

Grunnleggar og sjef Elon Musk i SpaceX er på plass for følgja oppskytinga

Foto: JOE RAEDLE / AFP

Donerte vekk tre plassar

«Inspiration4» er den tredje romreisa leia av ein milliardær i så langt i år. 11. juli flaug eigar av Virgin Galactic, Richard Branson, til verdsrommet. Ni dagar seinare blei Amazon-grunnleggar Jeff Bezos skoten 100 kilometer opp i lufta.

– Best day ever! ropte Bezos då han var tilbake på jorda igjen, elleve minutt etter at romfartøyet tok av, der fire av dei var i vektlaus tilstand.

Inspiration4.

Isaacman har chartra eit romfartøy av typen Crew Dragon, som Elon Musk sitt selskap SpaceX står bak.

Foto: AFP

Isaacman har chartra eit romfartøy av typen Crew Dragon, som Elon Musk sitt selskap SpaceX står bak.

Foto: AFP

Til forskjell frå desse ferdene, vil Isaacman og mannskapet vere i verdsrommet i meir enn eit knapt kvarter. Med ein fart på 28.000 kilometer i timen skal dei bevege seg rundt jorda i tre dagar.

Det er venta at dei skal returnera til jorda laurdag.

Isaacman var opptatt av at dette ikkje skulle bli «som ein fisketur med gutane». Kven som helst har kunne melde seg til å bli med, men dei tre vinnarane er nøye utvalt.

Desse tre har Isaacman med på turen:

  • Sian Proctor (51) geologiprofessor og fjerde afroamerikanske kvinne ute i rommet.
  • Hayley Arceneaux (29) legeassistent, overlevde kreftsjukdom som barn og er den yngste og den fyrste med protese som blir send i bane i rommet.
  • Chris Sembroski (42) veteran frå luftforsvaret.

Før dei drog til utskytingsplassen, åt mannskapet eit raskt måltid som inkluderte biff og egg på Kennedy Space Center.

Jared Isaacman, Chris Sembroski, Sian Proctor og Hayley Arceneaux.

Det var i februar Isaacman kunngjorde at han ville donere vekk tre plassar på romferja. Alle har fått grundig opplæring i forkant av turen.

Foto: INSPIRATION4 / Reuters

Det var i februar Isaacman kunngjorde at han ville donere vekk tre plassar på romferja. Alle har fått grundig opplæring i forkant av turen.

Foto: INSPIRATION4 / Reuters

Tidsfordriv

Mannskapet har med seg ei speleliste på 40 songar på Spotify. Kvar av teammedlemmene har fått lov til å velje seg to songar blant desse er «Starships» av Nicky Minaj, «Rocketman» av Elton John, «Space Girl» av Francis Forever og «Counting Stars» av One Republic.

– Tanken på at eg spradar rundt i drakta mi til saksofonsoloen for «Midnight City» av M83 medan eg ser ut gjennom kuppelen får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg, seier Chris Sembroski om valet av musikk.

– Billigare er eit relativt omgrep

– Ein ting som er spesielt med denne turen er at det er ei verkeleg romferd, seier direktør i Norsk Romsenter, Christian Hauglie-Hanssen.

Han legg til at det andre som sjølvsagt er spesielt, er at ingen av dei er astronautar.

Administrerende direktør Christian Hauglie-Hanssen i Norsk Romsenter

Administrerande direktør ved Norsk Romsenter, Christian Hauglie-Hanssen, er glad for den auka merksemda rundt romverksemd.

Foto: Norsk romsenter

Hauglie-Hanssen forklarar at det er svært vanskeleg å bli astronaut i dag. Alt som er tilknytt ferder ut i verdsrommet har vore reservert store internasjonale program, der folk har blitt trent opp av organisasjonar som Nasa, ESA og Roskosmos.

– Desse ferdene er veldig, veldig kostbare. Og det er noko av grunnen til at det berre er milliardærar som gjer det, seier han.

Han anslår at berre oppskytinga av romfartøyet til Isaacman kostar pluss minus 65 millionar dollar.

– Er det realistisk at kven som helst skal kunne reise til verdsrommet?

– Nei, men ein jobbar no med å få ned kostnaden på kommersielle oppskytingar. Det er grunnideen bak SpaceX, at med gjenbruk og stadig fleire romferder får ein ned kostnaden ved å skyte folk opp i rommet. Det er ein jo i ferd med å få til, og det blir billigare, men billigare er eit relativt omgrep, forklarar Hauglie-Hanssen.

Jared Isaacman, Chris Sembroski, Sian Proctor og Hayley Arceneaux.

Isaacman håpar å inspirere andre med romferda. I tillegg ønsker han å samle inn 200 millionar dollar til barnesjukehuset St. Jude, som forskar på kreft blant barn.

Foto: John Kraus / AP

Isaacman håpar å inspirere andre med romferda. I tillegg ønsker han å samle inn 200 millionar dollar til barnesjukehuset St. Jude, som forskar på kreft blant barn.

Foto: John Kraus / AP

Hadde blitt med på dagen

Hauglie-Hanssen seier romturisme har fått ein skikkeleg «boom» denne sommaren. Men skulle ein av dei framtidige ferdene gå skeis slik at liv går tapt, vil det kunne få ein effektiv slutt på trenden.

– Det å sitte på toppen av ein stor romrakett vil aldri vere heilt risikofritt. No har det ikkje vore mange romferder der astronautar har døydd gjennom tidene, men det har vore nokon. Det er klart at det skaper mykje negativ publisitet, seier han.

Sjølv om romturisme kanskje ikkje blir tilgjengeleg for alle, har Hauglie-Hanssen meir tru på konseptet til Branston og Bezos, som planlegg å selje billettar til korte romferder for 250.000 dollar.

– Hadde du vore villig til å bli med?

– Eg, ja! Ja, ja, eg hadde blitt med på dagen. I alle fall om eg fekk tilbod om å bli med på den til Isaacman no, seier ein plutseleg veldig oppglødd Hauglie-Hanssen.

SISTE NYTT

Siste nytt