Hopp til innhold

Tunisia fordømmer ambassadeåtak

Det regjerande islamistpartiet i Tunisia fordømmer fredagens åtak på den amerikanske ambassaden og ein amerikansk skule i hovudstaden.

FILM PROTESTS/TUNISIA A view shows a classroom inside the American School after it was attacked by protesters in Tunis

STORE ØYDELEGGINGAR: ein amerikanske skule i hovudstaden Tunis kom under åtak fredag. I dag står skulen utbrent tilbake.

Foto: ZOUBEIR SOUISSI / Reuters

– Tre demonstrantar vart skotne og drepne, og ein fjerde person vart påkøyrd og drepen, sa helseministeriet i Tunisia i dag.

Dette, pluss 49 skadde og store materielle skadar, vart resultatet etter gårsdagens demonstrasjonar i den tunisiske hovudstaden Tunis. I dag fordømmer regjeringa åtaket på USAs ambassade i landet.

– Me hadde forstått og delt demonstrantanes sinne dersom dei protesterte fredfullt. Det hadde vore i deira fulle rett, seier Moncef Marzouki, Tunisias president, og held fram:

– Men å gå til åtak på ein venleg nasjon står me sterkt imot, og me fordømmer åtaket totalt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Den amerikanske skulen i Tunisia

USA UNDER ÅTAK PÅ FRAMAND JORD: Denne utbrente bilen stod utanfor den amerikanske skulen i byen.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Han leiar regjeringa i Tunisia etter at islamistpartiet El-Nahda vann valet i fjor. Det var det fyrste parlamentsvalet i Midtausten- og Nord-Afrika-regionen etter den arabiske våren.

Regjeringa understreka i dag at slik vald kan hindre prosessen fram mot demokrati. Tunisia levde i fleire tiår under eit strengt diktaturregime.

Støre fordømmer åtak på diplomatiske stasjonar

Jonas Gahr Støre

DIPLOMATIET ER VIKTIG: Det meiner Noregs utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

– Norge fordømmer dei siste dagars åtak på vestlege diplomatiske representasjonar. Slike valdshandlingar kan ikkje under noko omstende verte forsvara, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding i dag.

Han meiner at tryggleik for diplomatiske representasjoner er grunnleggende for eit fungerende diplomati.

– Vertslandet har etter folkeretten ansvar for tryggleiken til utanriksstasjonar og deira tilsette, sier Støre, som oppfordrar til fredelege demonstrasjonar dersom ein vert krenka:

– Ytringsfridomen er ein grunnleggande menneskerett. Samstundes stiller eg meg kritisk til provokasjonar som har eit uttrykt formål om å provosere menneske si tru. Retten til å demonstrere er ein viktig del av det demokratiet som stadig fleire arabiske land søkjer mot. Men det må skje fredeleg, og all bruk av vald må verte fordømt, seier Støre.

(The Associated Press)

SISTE NYTT

Siste nytt