– Det er salafistane som vil protestere mot den retning den arabiske våren tok, seier Knut S. Vikør, professor ved Universitetet i Bergen med Midtausten og islam som spesialfelt.
Mange ventar dei verste samanstøytane etter fredagsbøna i den muslimske verda i dag. Allereie er det meldt om trefningar mellom politi og demonstrantar i Kairo. Politiet har mellom anna nytta tåregass for å prøve å få kontroll på folkemengdene.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Det er den anti-islamske filmen «Innocence of muslims», som fornærmar profeten Muhammed, som har skapa dei sterke kjenslene. Vikør meiner nøkkelen til å roe gemytta er at dei moderate muslimske kreftene tek styring.
Moderat muslimsk opinion
– Fyrst og fremst må styresmaktene få kontroll over tryggleikssituasjonen, seier Vikør, og held fram:
– På lengre sikt må dei moderate muslimane mobilisere ein opinion. Denne opinionen må representere dei såra kjenslene til muslimane, men som òg ser at dei ikkje kan gjere dette til ein sivilisasjonskrig mellom den muslimske verda og Vesten.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Den egyptiske sjeiken Yusuf al-Qaradawi er for mange muslimar den viktigaste islamske lærde. Han oppfordra i dag til demonstrasjonar mot filmens bodskap, men understreka samstundes at det må gå føre seg på ein fredeleg måte.
Fornærmande film
Kritikken mot filmen har hagla, både frå kommentatorarar i Vesten og i den muslimske verda. Til NRKs debattprogram Dagsnytt 18 tidlegare denne veka karakteriserte Vikør filmen som tøvete og amatørmessig. Den kritikken held han fram fredag:
– Denne filmen går til åtak på profeten Muhammeds integritet, og det er det same som å gå til åtak på muslimane sjølve. Ein kan samanlikne det med Jesus, og korleis det ville kjennast for djupt personleg kristne dersom han vert framstilt som ein barneskjendar, seier Vikør.
- LES ÒG:
- LES ÒG: