Hopp til innhold

Islamistar til angrep på fleire ambassadar i Midtausten

Rasande islamistar har gått til angrep på fleire utanlandske ambassadar og eigedomar i fleire land i Midtausten og Nord-Afrika. Minst ti personar er drepne i uroa, tre i Tunisia, tre i Sudan, to i Libanon og to i Jemen.

Rasende demonstranter tok seg inn på ambassadeområdet og satte bygningen i fyr.

VIDEO: Tysklands ambassade i Sudan i brann

Demonstrantar gjekk i ettermiddag til angrep på den amerikanske ambassaden i Tunis i Tunisia. Det byrja å brenne inne på ambassadeområdet, og augevitne fortalde om tjukk, svart røyk som velta ut frå parkeringsplassen utanfor ambassaden. Fleire bilar vart sette i brann.

Aggressive demonstrantar ved USAs ambassade i Tunis.

Demonstrantane som angreip den amerikanske ambassaden i Tunisia var svært aggressive.

Foto: Hassene Dridi / Ap

Tre menneske er drepne i kampane utanfor ambassaden og 29 er såra, melder Ap. Andre kjelder seier det er minst 40 såra, og at halvparten av dei er politifolk.

Det er i kveld roleg ved ambassaden, og tunisiske tryggingsstyrkar patruljerer området, melder AFP.

Aggressive demonstrantar

Fleire demonstrantar kom seg over gjerdet rundt ambassaden. Dei var svært aggressive, seier ein fotograf frå AFP, som var på staden.

– Obama, vi er alle Osama, skreik demonstrantane, med klar referanse til den drepne Al Qaida-leiaren Osama bin Laden.

Også ein amerikansk skule i byen er sett i brann. Skulen var stengd i dag, så det skal ikkje vere folk der.

Angrep på USAs ambassaden i Tunisia.

Tåregassen låg tungt over ambassadeområdet i ettermiddag.

Foto: Hassene Dridi / Ap

Demonstrantane kasta stein mot politiet, som svarte med tåregass. Ein del demonstrantar kasta også brannbomber mot politiet.

Fleire angrep i Sudan

I ettermiddag tok demonstrantar seg inn på ambassadeområdet til både Storbritannia og Tyskland i den sudanske hovudstaden Khartoum. Ambassadane til dei to landa ligg midt i sentrum av Khartoum, og er lett tilgjengelege for folk.

Fjernsynsbilete viste fleire personar som klatra opp på taket til den tyske ambassaden, før dei sette fyr på delar av bygningen.

Ambassadebrann Khartoum

TYSKLANDS AMBASSADE UNDER ÅTAK: Dette biletet er frå eit augevitne frå Khartoum, Sudan.

Foto: nsaeed, twitter

Dei reiv så ned det tyske flagget og erstatta det med eit svart flagg med den islamske trusvedkjenninga påskrive. Demonstrantane klarte i første omgang ikkje å ta seg inn i sjølve ambassadebygningen.

Skyting inne i USAs ambassade

Etter angrepa på den tyske- og britiske ambassaden sette fleire tusen demonstrantar kursen for den amerikanske ambassaden i utkanten av byen. Ved 16.30-tida norsk tid vart det meldt om skyting inne på ambassadeområdet.

Ein demonstrant omkom då han vart påkøyrd av ein bil tilhøyrande tryggingsstyrkane. Også to andre demonstrantar er drepne utanfor den amerikanske ambassaden. Dette vart i kveld stadfesta av sudanske styresmakter.

Fleire tusen menneske samla seg ved den amerikanske ambassaden. Dei tok seg dit med bilar og bussar. Fleire greidde å hoppe over murane og inn på sjølve ambassadeområdet, trass i at tryggingsstyrkane skaut mot dei.

Like før klokka 18 norsk tid sa ein talsmann for den amerikanske ambassaden i Khartoum at alle inntrengjarar no var fjerna frå ambassaden.

Den tyske utanriksministeren Guido Westerwelle sa i ettermiddag at dei tilsette ved den tyske ambassaden var flytta til ein trygg stad. Dei fylgde situasjonen tett utover ettermiddagen og kvelden.

– Vi er i løpande kontakt med dei tilsette ved ambassaden, seier Westerwelle.

AMBASSADAR UNDER ÅTAK I SUDAN: Al Jazeera har lagt ut ein video frå Khartoum som syner noko av øydeleggingane i dag. Foto: Al Jazeera.

– Dette er ikkje islam

I eit intervju med TV-kanalen Al Jazeera sa ein av medlemene av det sudanske regjeringspartiet NCP at valden i dag ikkje representerer islam.

– Vi fordømmer dette på det sterkaste, seier Rabie Abdul Atti, og heldt fram:

– Dette er ikkje islam, det er menneske som ikkje veit kva islam er.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Demonstrant utanfor Tysklands ambassade i Sudan

– REPRESENTERER IKKJE ISLAM: Det seier Rabie Abdul Atti, medlem av regjeringspartiet NCP.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

Bileta frå Khartoum var svært dramatiske. Tryggingsstyrkane skaut tåregass mot demonstrantane, som ikkje såg ut til å bli skremde av det.

Demonstrantar drepne i Libanon

To demonstrantar vart drepne under demonstrasjonane i Tripoli nord i Libanon, der òg ein Kentucky Fried Chicken-restaurant er sett i brann. Dei to vart skotne av tryggingsstyrkar. Rundt 300 islamistar deltok i dette angrepet.

Ytterlegare to personar blei såra i samanstøyt mellom demonstrantar og tryggingsstyrkar fredag. Det vart avfyrt skot d¨å demonstrantane prøvde å innta ein regjeringsbygning i byen.

Demonstrantane kasta tidlegare stein mot politiet, og i alt tolv medlemmer av tryggingsstyrkane skal ha blitt såra.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kentucky Fried Chicken-restaurant angrepet i Libanon

KFC-ÅTAK I LIBANON: I byen Tripoli er store protestar brotne ut. Éin person er drepen, og denne Kentucky Fried Chicken-restauranten vart sett i flammar.

Foto: STRINGER / Reuters

Dette skjedde medan pave Benedikt XVI er på besøk i Libanon, og det vart også ropt slagord mot paven. Paven sjølv tok til orde for fredeleg sameksistens mellom kristne og muslimar.

«Vi vil ikkje ha paven» og «Ingen fleire fornærmingar av islam», skal demonstrantane ved KFC-restauranten ha ropt. KFC, eller Kentucky Fried Chicken, er ei amerikansk hurtigmatkjede.

Protestar i Khartoum, Sudan

Rasande islamistar har gått til angrep på fleire ambassadar i Khartoum.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

Nye samanstøytar i Jemen

Også i Jemen har det vore uro i dag, og det er meldt at to personar som prøvde å storme den amerikanske ambassaden i dag, er drepne. Samstundes kjem det meldingar om at USA sender elitesoldatar til Saana for å vakte ambassaden i landet.

Uro også i India

86 personar er arresterte etter at fleire hundre islamistar kasta stein og knuste vindauge på USAs konsulat i byen Chennai i India. Demonstrantane prøvde å kome seg inn i bygningen, men politiet greidde å hindre dette. Dei sette fyr på det amerikanske flagget og ei dukke som skulle forestille Barack Obama.

SISTE NYTT

Siste nytt