Hopp til innhold

Trur Boston-bomber var heimelaga

Bombene som eksploderte i Boston var ikkje særleg kraftige og truleg heimelaga, meiner våpeneksperten Per Nergaard.

Per Jacob Nergaard

Per Nergaard har vore leiar for mineavdelinga i Norsk Folkehjelp og har lang erfaring med ulike typar våpen og sprengstoff.

Foto: NRK

Per Nergaard er leiar for samfunnstryggleik i Norsk Folkehjelp, tidlegare leiar for mineavdelinga i organisasjonen og ein av dei framste ekspertane på sprengstoff i Noreg.

Han baserer vurderinga si på TV-bilete han har sett frå eksplosjonane under Boston Marathon måndag.

– Når ein har jobba med sprengstoff i lengre periodar, vil ein klart sjå forskjel på kva som er konvensjonelt sprengstoff og kva som er heimelaga. Me ser det på trykkbølgjer, flammar, korleis røykskya stig og slike ting, seier Nergaard til NRK.

– Det eg såg i går er at dette er heimelaga greier, og ikkje kjempestort, legg han til.

Ueksplodert bombe kan bli verdifull

Kor store skadar ei heimelaga bombe kan forårsaka er avhengig av kor mykje sprengstoff bomba består av.

Sjølv om dei to bombene var relativt små, var dei likevel kraftige nok til å ta livet av tre menneske, blant dei åtte år gamle Martin Richard. I tillegg vart 144 menneske såra. Mange har mista kroppsdelar og gjennomgått kritiske operasjonar.

– Når ein sprengjer ei lita bombe i ei folkemasse, blir effekten katastrofal. Det såg me i går. Det verste er at nokon får seg til å ta det skrittet, seier Nergaard i Norsk Folkehjelp.

Minst 15 kvartal i sentrum vart sperra av etter at bombene gjekk av. Politiet i Bosten stadfesta tysdag morgon at dei hadde funne ei tredje udetonert bombe i område som bombeekpertar hadde nøytralisert.

Denne udetonerte bomba kan bli svært nyttig for etterforskarane, ifølgje Nergaard:

– Dersom det er tilfelle, vil politiet ha gode spor der for å finna ut avfyringsmekanisme, kva slags remediar som er nytta for å få det til å eksplodera. Teknikarar vil også kunne finna spor av sprengstoff på staden som fortelja dei ganske presist kva dette handlar om.

– Kven som helst kan laga bomber

Restar frå dei to ladningane, som skal ha eksplodert i søppelbøtter, viser at det var krutt brukt som sprengstoff, opplyser ein anonym høgståande tenestemann til nyheitsbyrået Reuters tysdag.

– Hendinga i går oppfyller eit par kriterium på å vera eit åtak etter såkalla Al Qaida-mønster. Det har elementet med det spektakulære, at ein får maksimal merksemd rundt. Det skjer i målområdet og det er direktesendingar. Det har ein gjort før for å auka effekten av eit terroråtak.

Ifølgje Nergaard kan det likevel vera vanskeleg å skilja eit bombeåtak utført av terrornettverk som Al Qaida frå meir amatørmessige anslag.

Kven som helst kan nemleg skaffa seg det som trengs for å laga ei bombe.

Med den liberale amerikanske våpenlovgjevinga i ryggen kan amerikanske borgarar lada eigne våpen og kjøpa krutt lovleg på butikken. Over tid går det difor an å samla opp store nok mengdar til å laga ei bombe, fortel Nergaard.

Kjøp av ingrediensar som typisk blir nytta i eksplosiv er derimot strengt regulerte, og varsellampa kjem fort på om ein person prøver å kjøpa store mengder kunstgjødsel, slik den norske terroristen Anders Behring Breivik gjorde i forkant av åtaket mot regjeringskvartalet 22. juli 2011.

– Men den som har ein så låg terskel som desse eller denne gjerningspersonen og vil sprengja ei bombe i ei menneskemengd, vil kunne skaffa seg det ein treng på butikken. Ein må berre ha tålmod, kompetanse og internett. Det er prisen me betalar for å bu i ei moderne verd, seier Nergaard.

SISTE NYTT

Siste nytt