Trump: – Kim elska fredsvideoen!

Trump seier han har teke det første historiske steget for å slutte fred med Nord-Korea. Bodskapen vart forsterka med ein film som nytta formspråket til Hollywood for å vise kva som stod på spel under toppmøtet.

Sjå videoen Trump viste fram til Kim

Videoen vart spelt av før Donald Trump entra podiet i Singapore.

Ein journalistar frå fransk kringkasting tvitra at det var ein video av det «hallusinerande slaget.»

Laster Twitter-innhold

Med dramatisk musikk som ein kjenner frå filmtrailerar, seier ei stemme:

– Dei medverkande er Donald Trump og Kim Jong-un, i eit møte som skal forandre historia, som skal skine i sola, no står det att å skrive historie!

Applausen som kom etterpå stod ikkje heilt i stil, kan ein høyre på videoen.

– Kim elska videoen vi laga!

Videoen har blitt vist fram i ulike samanhengar rundt om i Singapore i dag.

Ein sekvens vekslar mellom å vise fram krigshandlingar, og det som mest liknar på eigedomprospekt i Nord-Korea.

Og Trump fortalde han personleg viste videoen til Kim Jong-un.

– Kim elska og delegasjonen hans videoen, vi såg på den i lag, sa Trump.

Laster Twitter-innhold

Ein reporter la eit utdrag av filmen ut på Twitter. Over dramatiske bilde kom følgjande kommentar:

– Det kan berre bli to resultat, enten å ta eit steg bakover (videoen viser ei bombe som eksploderer og amerikanske jagarfly som tek av frå eit hangarskip).

– Eller vi beveger oss framover (videoen viser baklengsfilm av rakettar som slik at det ser ut som at dei landar).

– Bodskap om fred

– Eg står framfor dykk med ein bodskap om fred. Kven som helst kan føre krig, det er dei modigaste menneska som skapar fred, sa Trump.

Medan Trump møtte pressen i Singapore, var Kim Jong-un på veg heim til Nord-Korea. Den amerikanske presidenten var optimist:

– Det var eit unikt møte, som viser at ekte endring er mogeleg. Samtalane var veldig produktive, og vi er klare til å skrive eit nytt kapittel i forholdet mellom USA og Nord-Korea, sa Trump.

Trump fortalde at dei to leiarane i siste liten hadde blitt samde om fleire ting, som ikkje vart inkludert i dokumentet:

– Nord-Korea har gått med på å øydelegge eit testanlegg for rakettmotorar, dette vart vi samde om på tampen, sa Trump.

– Målet er å hente heim soldatane våre

– Vi har 32.000 soldatar i Sør-Korea, og eg vil gjerne hente dei heim, men det vil ikkje skje med ein gang. Men vi vil stoppe «krigsspela» våre mot Nord-Korea, noko som vil føre til at vi vil spare masse pengar. Så får vi skje korleis prosessen går framover, sa Trump.

Presidenten understreka at militærøvingane saman med Sør-Korea var unødvendig kostbare. Og at det verka dyrt å fly inn bombefly frå Guam.

– Samtidig vil Nord-Korea sette stor pris på at vi sluttar å øve på krig, sa Trump.

Trump fekk også spørsmål om korleis han vil verifisere at Nord-Korea rustar ned:

– Vi diskuterte dette, og vi vil gjere det ved å sende folk der, og ved å bygge tillit. Utanriksminister Pompeo har gjort ein kjempejobb der.

Laster Twitter-innhold

Trump trur ikkje Kim Jong-un vil prøve å jukse eller snike seg unna inspeksjonar:

– Kim sa at han ynskjer å gjere dette, han ynskjer å gjere dette meir enn meg, sa Trump.

Donald Trump og Kim Jong-un samme med Mike Pompeo og Kim Yo Jong

TRUMP MØTER PRESSEN og samanfattar samtalane med Kim.

Historisk første møte

USAs president Donald Trump var tydeleg stolt over at han var den første presidenten som tok ein nordkoreansk leiar i handa.

Dei to leiarane skreiv under på eit historisk dokument der Nord-Korea forplikta seg til full atomnedrustning, i bytte mot amerikanske sikkerheitsgarantiar.

Trump beskriv dokumentet som «ganske omfattande» og «veldig viktig».

I ei Twittermelding skriv Trump at berre taparar kan kritisere møtet. Trump får noko kritikk for at formuleringane i avtalen med Nord-Korea ikkje er så konkrete som mange hadde håpa på.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt