Hopp til innhold
Kommentar

Spektakulært risikodiplomati

Handtrykket mellom Trump og Kim er eit ikonisk bilete, det er 2018 i glas og ramme. Risikodiplomati der det meste kan skje.

Det historiske håndtrykket Donald Trump og Kim Jong-un

HISTORISK: Nord-Koreas diktator Kim Jong-un og USA sin president Donald Trump møtte kvarandre for første gang i natt.

Foto: Saul Loeb / AFP

Nixon hos Mao. Reagan og Gorbatsjov i Reykjavík. Rabin og Arafat sitt nølande handtrykk framfor Det kvite hus.

Tidsbilete og symbolikk frå nær historie. Biletet av Trump og Kim føyer seg til lista.

Det er historia om 2018. Om uvisse og risiko. Med atomvåpen som innsats.

USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leder Kim Jong-un har undertegnet det Trump beskriver som et «ganske omfattende» dokument.

Sterke menn og store ego

Det er også ei historie om sterke menn i vår tid. Den eine leier verdas mektigaste demokrati, den andre verdas mest lukka diktatur.

Mao Nixon

HISTORISK: Møtet mellom USAs president Richard Nixon og Kinas øvste leiar Mao Zedong 21. februar 1972 var historisk og symboliserte ei ny utvikling i Kinas forhold til omverda.

Foto: AP

I 2018 er altså eit møte mellom dei mogeleg. Under eitt år etter Trumps salve frå FNs talarstol: «rakettmannen er på sjølvmordstokt», og Kims svar: «eg vil temme denne senile gubben med eld». I fjor skalv verda for kva ordkrigen mellom leiarane for to atommakter kunne føre til.

Då Kim påpeika at han faktisk hadde ein atomknapp, svara Trump på Twitter: «Min atomknapp er større enn din»

Laster Twitter-innhold

Mobbing og brutalitet

Dei to er bølla og tyrannen. Trump mobbar på Twitter, «rakettmannen» er berre eitt av mange tilnamn hans motstandarar må tole, det er ein oppførsel dei fleste ville slå ned på hos eigne born. Men politisk har Trump demonstrert evne til å ta den risiko han meiner krevst.

reagan gorbatsjov

HISTORISK: Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttest i Reykjavík 11.–12. oktober 1986.

Foto: Ron Edmonds / AP

Kim er i utgangspunktet vår tids absurde diktator med sine gigantiske paradar. Ein framtoning mest til å le av om det ikkje var for hans atomvåpen og grenselause brutalitet. Kim er tyrannen som ikkje nøler med å ta livet av opponentar eller la folket svelte. Men no åtvarar ekspertar mot å undervurdere Kim sine strategiske evner.

For i samband med OL i vinter skjedde eit skifte. Sør-Koreas president inviterte utøvarar frå nord, og dei kom. Kim erklærte stans i prøvesprengingane, og Trump snakka om eit mogeleg toppmøte. I vår var Kim på besøk hos presidenten i sør, og no møter han altså Trump. Ein triumf i seg sjølv.

FILE PHOTO: South Korean President Moon Jae-in and North Korean leader Kim Jong Un about to shake hands for the first time at the truce village of Panmunjom

HISTORISK: Kim Jong-un og Sør-Koreas president Moon-Jae utviste ein vennleg tone seg i mellom då dei møttest for første gong våren 2018.

Foto: Pool New / Reuters

Ein verdsorden i endring

Men i opptakten var det eit heilt anna bilete som dominerte.

Biletet frå helga av ein innbiten Trump, sittande på ein stol under G7-møtet i Canada, med USA sine tradisjonelle vener hengande over seg. Merkel, Macron og Trudeau er tilsynelatande sinte og oppgitte over hans handelspolitikk og straffetoll.

Det enda i kollaps og Twitter-fornærmingar.

German Chancellor Merkel speaks to U.S. President Trump during the second day of the G7 meeting in Charlevoix city of La Malbaie, Quebec

G7-MØTE: Dette biletet frå G7-møtet i helga har tatt av på sosiale medium etter at Tysklands forbundskanslar Angela Merkel delte det på sin instagramkonto.

Foto: Handout / Reuters

Dette er også eit bilete på vår tid. Tradisjonelle alliansar vaklar, den verdsorden som blei etablert etter andre verdskrigen er i spel.

2018 er året då USA trakk seg frå Iran-avtalen og andre internasjonale avtalar. Og sådde tvil om USA si underskrift er til å stole på.

Tyrannar med og utan atomvåpen

Trump og Kim snakkar om atomvåpen i Singapore. For det er hans våpenkraft – med kapasitet til å gjere enorm skade i Sør-Korea og Japan, kanskje også nå USAs fastland – som først og fremst skil Kim frå andre tyrannar i vår tid. Som Saddam.

Det er atomtrusselen som er hovudgrunnen til at Kim blir avbilda med Trump i Singapore, mens Saddam enda i galgen. Skal tru kva prestestyret i Iran tenker om akkurat det i desse dagar?

Bill Clinton, Yitzhak Rabin og Yasir Arafat

HISTORISK: Israels statsminister Yitzhak Rabin og palestinarane sin leiar Yassir Arafat helser på kvarandre framfor Det kvite hus og president Bill Clinton, 13. september 1993. Oslo-avtalen førte partane til Washington.

Foto: RON EDMONDS / AP

Suksess?

Tema for møtet i Singapore er altså å avskaffe våpena som fekk det i stand. Få trur det er nært føreståande, men ein prosess er i gang.

2018 er året då det meste kan skje. Og ingen heilt veit korleis det går. Med dei to på biletet, og oss andre.

SISTE NYTT

Siste nytt