Hopp til innhold

Trump: – Jerusalem hovudstad i Israel

JERUSALEM/WASHINGTON, D.C./OSLO (NRK): – President Donald Trump anerkjenner Jerusalem som hovudstad i Israel. Det kunngjorde han i kveld i ein tale frå Det kvite hus. Palestinarane har varsla «tre dagar med raseri» dersom denne avgjerda kom.

Det kunngjorde han i kveld i ein tale frå Det kvite hus. Palestinarane har varsla «tre dagar med raseri» dersom denne avgjerda kom.

Donald Trump talar i Det kvite hus.

– Det er tid for offisielt å slå fast at Jerusalem er hovudstad i Israel. Det er på høg tid at denne avgjerda kjem, sa Trump i talen.

I talen sa Donald Trump også at den amerikanske ambassaden i Israel skal flyttast frå Tel Aviv til Jerusalem.

– Eg har bedt utanriksdepartementet førebu flytting, sa Trump.

Planlegginga skal altså starte no, men det kan ta fleire år før flyttinga er gjennomført.

Han viste til vedtaket i Kongressen i 1995, eit vedtak som ikkje er sett ut i livet.

– Positivt for fredsprosessen

– Andre presidentar har utsett dette. Men eg gjennomfører det. Eg meiner dette er ei avgjerd som er til det beste for USA, og som vil fremje fredsprosessen i Midtausten.

Israel er eit sjølvstendig land. Landet må sjølv bestemme kva som skal vere hovudstad. Det er nødvendig å akseptere dette for å kunne oppnå fred, sa Trump.

Trump understreka at han vil gjere alt han kan for å få til ei varig fredsløysing som både israelarar og palestinarar kan akseptere.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen rapporterer fra Jerusalem etter Donald Trumps tale

– Dei israelske styresmaktene har sitt hovudkvarter i Jerusalem. Her finn vi parlamentet, Knesset, her er høgsterett og her er residensen til statsministeren og presidenten i Israel.

– Det er her amerikanske presidentar og andre utsendingar frå USA har møtt representantar for dei israelske styresmaktene, sa Trump.

– Vellukka demokrati

– Jerusalem er ikkje berre hovudsete for tre religionar. Byen representerer også eit av dei mest suksessrike demokratia i verda.

– Israelarane har bygd eit land der jødar, muslimar og kristne – ja, folk frå alle religionar, er frie til å leve og praktisere trua si. Men trass i alt dette, har amerikanske presidentar nekta å offisielt akseptere Jerusalem som hovudstad i Israel.

– I dag gjer vi endeleg det som eigentleg er heilt opplagt: Vi slår fast at Jerusalem er hovudstad i Israel. Dette er verken meir eller mindre enn å erkjenne ein realitet, sa Trump.

Sjå heile talen.

Massiv motstand

Det har vore knytt stor spenning til kva avgjerd Trump kom til å ta om Jerusalems status og plasseringa av den amerikanske ambassaden.

Motstanden har vore massiv, og kritikken auka i styrke tysdag då Trump ringde fleire leiarar i regionen og fortalde at han planlegg å flytte ambassaden.

Både den palestinske presidenten, kongen av Jordan og presidenten i Egypt fekk Donald Trump på tråden tysdag ettermiddag og kveld. Alle åtvara han mot å ta ei slik avgjerd. Dei frykta konsekvensane for stabilitet og tryggleik, og for fredsarbeidet i regionen.

Etter samtalen med Trump tysdag ringde den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas til presidentane i Russland og Frankrike, til kongen av Jordan og til pave Frans. Han bad dei gjere det dei kan for å påverke USA til ikkje å flytte ambassaden til Jerusalem.

Den tyrkiske presidenten har trua med å bryte den diplomatiske kontakten med Israel dersom den amerikanske ambassaden blir flytta.

Jerusalem, jødisk seremoni

Jerusalem er hovudsete for tre verdsreligionar – jødedommen, kristendommen og islam.

Foto: Ariel Schalit / AP

Gammalt vedtak om å flytte

Dei aller fleste land har ambassaden sin plassert i Tel Aviv. Men i 1995 vedtok den amerikanske Kongressen at ambassaden skal liggje i Jerusalem. Etter at vedtaket var gjort, har alle amerikanske presidentar kvart halvår skrive under ein ordre om å utsetje iverksetjinga av vedtaket.

I valkampen lova Donald Trump at han ikkje ville vidareføre denne praksisen, men han gjorde det i juni, og det var venta at han ville gjere det på nytt måndag, då den halvårlege fristen gjekk ut.

I dag kom altså avgjerda – i tråd med det han sa i valkampen.

SISTE NYTT

Siste nytt