Hopp til innhold

Trump vil hindre migrantbarn å bli amerikanske statsborgarar

Donald Trump seier han vil gå utanom Kongressen, og endre lova slik at barn av migrantar ikkje automatisk får amerikansk statsborgarskap. Utspelet er omstridd og kan bli eit heitt tema i det amerikanske mellomvalet.

USA-TRUMP/

Donald Trump vil bruke sin makt som president å utvise ein ordre som hindrer barn av migrantar frå å få amerikansk statsborgarskap. Då slepp han å inkludere Kongressen i avgjersla.

Foto: ALEXANDER DRAGO / Reuters

I den amerikanske grunnlova står det at alle barn som er fødde i USA skal få amerikansk statsborgarskap. Dette vart vedteke av Kongressen i 1866. Sidan den gong har lova blitt ståande mens verda og USA har endra seg.

Det har i lengre tid vore slik at mange med ulovleg opphald i USA har fått barn som automatisk vert amerikanske statsborgarar. Dette er noko Trump vil få ein slutt på.

Vil køyre sololøp

– Me er det einaste landet i verda kor ein person kjem inn og får ein baby, også er babyen statsborgar i USA. Det er latterleg. Det er latterleg. Det må endrast, seier Trump i eit intervju med Axios on HBO.

I motsetnad til det presidenten seier viser ein rapport frå Center for Immigration Studies at både Canada, Mexico og 28 andre land har same ordning.

Donald Trump seier i intervjuet at han ikkje treng ta saka via Kongressen, men at han berre kan utføre ein presidentordre. Å endre noko i grunnlova med ein slik ordre vil i så fall vere ei veldig omstridd handling som fort ende opp i amerikansk høgsterett. Der står no den konservative sida sterkast etter at Brett Kavanaugh vart vald inn som høgsterettsdommar til store protestar.

– Dei seier at eg berre kan gjere det med ein presidentordre, svarte Trump då han vart spurt om lovlegheita ved å utvise ein slik ordre.

Han seier ikkje noko om kven «dei» er.

«Nasjonal trugsel»

Presidenten i USA har moglegheit til å utvise presidentordre om det er fare for rikets tryggleik.

Donald Trump har sjølv kalla migrasjon frå Latin-Amerika for ein trugsel, og den pågåande migrantmarsjen gjennom Mexico for ein «nasjonal trugsel». Men det er ein omstridd påstand at dei 7.000 personane i migrantmarsjen er ein trugsel mot rikets tryggleik.

Det er no gitt ordre om å sende 5.200 soldatar mot grensa til Mexico for å stanse migrantane. Trump har sagt at det «er mange dårlege folk i karavanen» som tilhøyrer kriminelle gjengar, og at det også er folk frå Midtausten i karavanen. Han har ikkje sagt kor han har denne informasjonen frå.

Viktig sak i mellomvalet

Donald Trump seier arbeidet med å få på plass endringane er i gang, og at endringa «kjem til å skje».

Det bygger seg opp mot mellomval i USA. Neste tysdag skal alle 435 representantar i Representantanes Hus og 1/3 av dei 100 senatsmedlem veljast på ny. Dette er eit viktig val for Trump som kan miste fleirtalet i dei to kammera i Kongressen om han gjer eit dårleg val. Då vil det bli langt vanskelegare å få gjennom eigen politikk.

Trump og Det republikanske partiet har fleire gonger brukt migrantmarsjen i Mellom-Amerika som argument for å stramme inn, og håpet er at migrantmarsjen skal bidra til å mobilisere fleire veljarar til mellomvalet neste tysdag.

Også Trump er migrantbarn

Punktet om fødselsbestemt statsborgarskap har vore eit viktig prinsipp å halde fast ved for mange i USA, eit land kor veldig mange innbyggjarar er innvandrarar eller etterkommarar av innvandrarar som er komne til USA etter at grunnlova vart innført i 1868.

Også president Donald Trump er etterkommar av migrantar. I 1929 kom hans mor, Mary Anne MacLeod, flyttande frå Skottland til USA. Og på den andre sida migrerte hans bestefar, Frederick Trump, frå Tyskland til USA i 1885, og etter at han gifta seg med kona Elizabeth i 1902 vart ho med til USA.

Men dei siste åra har det oppstått fleire utfordringar ved at migrantar får barn som blir amerikanske, medan foreldra ikkje er amerikanske. Dette gjeld spesielt migrantar frå landa sør for USA. Enkelte kallar desse barna for «ankerbarn», og i fleire tilfelle er det også slik at foreldra bur i heimlandet, medan barnet bur i USA.

SISTE NYTT

Siste nytt