Rundt 3.000 migrantar, dei fleste frå Honduras, har den siste veka gått til fots gjennom Guatemala og El Salvador. Dei ønskjer å halde fram gjennom Mexico, og prøve å ta seg inn i USA, der dei håpar på eit betre liv.
Fredag kom dei fram til grensa mellom Guatemala og Mexico. Dei reiv ned ein grenseport og storma over ei bru som går over til Mexico. Der blei dei møtte av meksikansk opprørspoliti, og det kom til samanstøytar mellom politiet og migrantane.
Laurdag fekk fleire titals kvinner og born lov å sleppe inn i Mexico. Den meksikanske ambassadøren til Guatemala, Luis Manuel Lopezm, seier at dei blir sendt vidare til eit migrantsenter i byen Tapachula.
– Endeleg, no er eg glad, sa 21 år gamle Gina Paola Montes då ho sprang inn på meksikansk jord.
Tok seg over elva på flåtar
Men blant dei mange hundre på brua var det stor frustrasjon. Mange hadde venta i varmen i meir enn 24 timar, og sove under open himmel.
Over 1.000 migrantar valde å ta seg over Suchiate-elva på flåtar. Og politiet stansa dei ikkje då dei klatra opp den gjørmete elvebreidda på meksikanske side.
– No har vi reist i seks dagar, men Jesus vil ta vare på oss på vegen vidare, seier Erasmo Duarte.
Om lag like mange har kryssa elva andre stader, og rundt 2.000 migrantar er no på veg vidare gjennom Mexico.
Mange har returnert
Presidenten i Honduras, Juan Orlando Hernandez og kollegaen frå Guatemala, Jimmy Morales, møttest laurdag i Guatemala for å diskutere situasjonen.
Dei prøver å finne ei løysing for å få migrantane til å vende tilbake til Honduras. Fleire hundre migrantar har allereie gjort det, ifølgje politiet. Styresmaktene i Guatemala har sett opp bussar for å transportere migrantane heim.
Samtidig har fleire slutta seg til karavanen.
– Denne migrasjonen er politisk motivert. Dei kryssar grensene ulovleg og set menneskeliv i fare, sa Morales etter møtet.
Hernandez sa at migrantane utnyttar fattigfolk av politiske grunnar. Og ha la til:
– Vi har utan tvil ein jobb å gjere med å betre levekåra for folk i lokalsamfunna der dei bur.
Trump vil ikkje sleppe dei inn
Også presidenten i USA, var opptatt av karavanen med migrantar då han talte på eit valmøte i Elko i Nevada natt til søndag norsk tid. Han la ikkje skjul på at han meiner at dette handlar om politikk.
– Demokratane ønskjer karavanar, dei likar det.
Han takka Mexico for å stanse migrantane ved grensa mot Guatemala.
– Dei skal ikkje komme inn i vårt land, sa han.
Ei veke gjennom Guatemala
Den lange ferda mot USA starta fredag for vel ei veke sidan i byen San Pedro Sula i Honduras. Migrantane har forsert ei rekkje politisperringar før dei nådde grensa mellom Guatemala og Mexico fredag.
Landa i Mellom-Amerika, som dei rømmer frå, er blant dei farlegaste områda i verda. Ingen land har fleire drap per innbyggjar enn El Salvador og Honduras.