Hopp til innhold

Trump-rådgjevar saksøkjer kongresskomité

President Donald Trump sin tidlegare tryggingsrådgjevar Michael Flynn vil hindre at komiteen som etterforskar kongresstorminga, får tak i telefonloggane hans.

Michael Flynn

Michael Flynn fotografert i november 2021. Minst seks tidlegare Trump-rådgjevarar er innkalla av kongresskomiteen.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Søksmålet er eit forsøk på å omgå stemninga til komiteen av samtaleloggane hans, og er det åttande søksmålet mot komiteen.

Søksmålet kjem dagen etter at Flynn var innkalla for å vitne for komiteen, noko han ikkje gjorde.

I søksmålet heiter det at det vil vere eit brot på Flynn sine grunnlovfesta rettar om han rettar seg etter krava frå komiteen, anten ved at samtaleloggane hans blir henta inn eller ved å vitne for komiteen.

Etterforskar kopling

Komiteen etterforskar omstenda rundt storminga av Kongressen 6. januar, og ei eventuell kopling til dåverande president Trump og staben hans i Det kvite huset.

Trump, Michael Flynn, Steve Bannon

På dette bildet frå 2017 sit både Steve Bannon og Michael Flynn saman med Donald Trump i det kvite huset. Komiteen vil snakke med alle tre, men dei nektar å vitne.

Foto: Alex Brandon / AP

Minst seks av Trump sine medarbeidarar er mistenkte for å ha lagt planar for korleis resultatet av presidentvalet i fjor kunne snus til Trump sin fordel. Fleire av dei tilhøyrer komiteen som arbeider for gjenval av Trump i 2024.

Komiteen i det demokratisk styrte Representanthuset skal lage ein rapport om det som skjedde då tusenvis av Trump-støttespelarar, mellom dei folk frå høgreradikale grupper, tok seg inn i Kongressen i eit forsøk på å stanse godkjenninga av valsigeren til Joe Biden.

I forkant hadde Trump, som då var president, i lang tid komme med feilaktige påstandar om valfusk, i forsøk på å så tvil om legitimiteten ved valet.

I tillegg til Flynn har fleire andre saksøkt komiteen, blant dei Trump sjølv og stabssjefen hans, Mark Meadows.

SISTE NYTT

Siste nytt