Lista omfattar 770 dokument, samtaleloggar, dagsordenar og handskrivne notat, stort sett frå tida rundt angrepet på Kongressen 6. januar.
Blant dei er papira til hans næraste medarbeidarar, mellom anna handskrivne notat frå stabssjef Mark Meadows.
På lista er òg den offisielle kalenderen til Det kvite huset der alle aktivitetane hans, reiser, telefonsamtalar, besøk og orienteringar er oppførte, notata til pressesjef Kayleigh McEnany og utkastet til talen han heldt 6. januar, der han oppmoda folk til å marsjere til Kongressen.
Det er komiteen i Representanthuset som granskar hendingane 6. januar og Trumps forsøk på å undergrave legitimiteten til valet i november i fjor, som har kravd dokumenta utlevert.
Ber om juridisk vern
Trump har vist til det som i USA kallast «executive privilege», det vil seie juridisk vern av makta til presidentembetet, for å hindre at dokumenta blir utleverte.
Høgsterett har tidlegare godkjent at presidentar kan halde visse dokument borte frå offentlegheita for å gjere kommunikasjonen med medarbeidarane lettare og meir open. Men det er ikkje klart om ein tidlegare president kan vise til slikt vern.
President Joe Biden har hittil avvist kravet om vern, med grunngivinga om at «det er naudsynt å kaste lys over bakgrunnen for det mest alvorlege angrepet på den føderale regjeringa sidan borgarkrigen», slik rådgivar Dana Remus formulerer det.
Saka vil truleg utløyse ei langvarig tautrekking i domstolane om Kongressens myndigheit til å granske den utøvande makta, og retten til ein tidlegare president til å motsetje seg slike forsøk.
Det kan gå mange månader før Kongressen eventuelt får tilgang på dokumenta.