Trumps eigen talsperson og tidlegare kampanjesjef, Kellyanne Conway, gjekk i går offentleg ut og åtvara sjefen sin mot å velje tidlegare presidentkandidat Mitt Romney som utanriksminister.
– Folk vil føle seg forrådde dersom Romney blir utpeikt til den viktigaste posten av alle, sa Conway i fleire fjernsynsintervju.
Ho meiner Romney gjorde alt han kunne for å sverte og latterleggjere Trump under valkampen, og at han derfor har forrådt både Trump og tilhengjarane hans.
– Må lytte til grasrota
I førre veke fortalde Conway at ho har teke imot eit hav av meldingar frå tilhengjarar som åtvarar Trump mot å utnemne Romney til det viktige vervet.
– Eg vil respektere avgjerda hans, men eg meiner det er viktig å få fram det vi høyrer frå grasrota, seier Conway.
Conway får støtte frå Stephen Bannon, som har bakgrunn frå det omstridde høgredreide nettstaden Breitbart og som er utpeikt til seniorrådgjevar for Trump. Ein annan som åtvarar mot Romney er tidlegare leiar i representantanes hus Newt Gingrich.
– Romney ville vere president, ikkje utanriksminister. Vi må spørje oss om Romney vil vere loyal mot Trump og ikkje drive sin eigen utanrikspolitikk, sa han til Fox News i førre veke.
Kontroversielle kandidatar
Trass motstanden, skal Romney framleis vere interessert i å bli ein del av Trump sin administrasjon. Trump har sjølv slått fast at Romney kan bli ein flott utanriksminister. Det kan også Rudolph Giuliani vere, har han sagt.
Den tidlegare borgarmeisteren i New York kjempa for Trump med alt han hadde i valkampen. Men Giuliani manglar utanrikspoltiksk erfaring og har problematiske forretningsforhold som kan gjere det vanskeleg å få han godkjend.
Donald Trump har fleire kritikarar blant dei republikanske senatorane. Dei kan kome til å seie nei til kontroversielle kandidatar til den viktige utanriksminsiterposten.
Det er derfor mogleg at Trump må sjå seg om etter ein heilt annan kandidat til jobben. Medarbeidarar med kjennskap til Trump sine planer seier at han også vurderer den pensjonerte generalen John Kelly.