Hopp til innhold
Urix forklarer

Trump og Kims risikodiplomati: Atomnedrustning mot sanksjoner

Donald Trump og Kim Jung-un har ei viktig fellesinteresse i Hanoi. Å kome fram til eit resultat som gjer toppmøtet til ein suksess.

VIETNAM-US-NKOREA-DIPLOMACY-SUMMIT

SAMAN I HANOI: Trump og Kim på middag i den vietnamesiske hovudstaden.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Det overordna målet for Trump er atomnedrustning på den koreanske halvøya, mens det tilsvarande målet for Kim er nedbygging av sanksjonane mot Nord-Korea.

Kva konkrete resultat toppmøtet kan gi er uvisst, alternativa og spekulasjonane er fleire:

  • Eit vegkart for nedrustning på den koreanske halvøya.
  • Stenging av reaktor i atomanlegget Yongbyon.
  • Avvikling av sanksjonar som i dag hindrar fellesprosjekt mellom Nord og Sør.
  • Ei åpning for gjensidig representasjon i Washington og Pyongyang.
  • Ei form for fredseerklæring mellom USA og Nord-Korea.

Trump Kim Summit
Foto: Minh Hoang and Susan Walsh / AP

Fredsslutning etter nær sytti år?

USA og Nord-Korea har formelt vore i krig sidan 1950.

Då kampane i Koreakrigen enda i 1953 var det som resultat av ei våpenkvile, ikkje ein formell fredsavtale.

Både BBC og New York Times skriv at eit mogleg utfall av møtet kan bli ei form for formell fredsslutning. Sør-Koreas president Moon Jae-in skal ønske det, fordi han meiner det vil fremme det endelege målet – atomnedrustning på den koreanske halvøya.

Trump Kim Summit

SEOL: Demonstrasjonar mot formell fredsslutning.

Foto: Lee Jin-man / AP

Ei slags fredsslutning ville vere eit symboltungt steg på vegen mot begges mål. Eit spørsmål her er kor mykje Trump vil lytte til dei av sine eigne som fryktar at ei erklæring fører til krav tilbaketrekking av nær 25.000 amerikanske soldatar.

Før ein faktisk har fått til noko atomnedrustning.

Men at ei fredsslutning blir diskutert vitnar om kor mykje som faktisk har skjedd dei siste par åra.

Alle held pusten

Då president Trump held tale i FNs hovudforsamling i september 2017 var Kim ein «rakettmann på sjølvmordsoppdrag».

Kims svar kom prompte; «dotard» (betyr noko slikt som mentalt redusert gubbe).

Ordkrigen mellom dei to i 2017 fekk verda til å halde pusten. Og blei følgt opp av prøvesprengingar og rakettutskyting, det var alvor.

Atomtrusselen var tilbake på toppen av den internasjonale dagsorden, og ICAN vann Nobels fredspris for kampen mot kjernevåpen.

Mildare tone

Trump Kim Summit AP Explains Nuclear Verification
Foto: Evan Vucci / AP

Så kom ein langt mildare tone året etter. Det første toppmøtet fann stad i juni 2018 i Singapore. Også den gongen var utfallet uvisst, her er kva dei blei samde om:

• Etablere eit nytt forhold mellom landa og jobbe for fred og velstand.

• Skape varig og stabil fred på Koreahalvøya.

• Arbeide for full nedrusting av atomvåpen på Koreahalvøya.

• Samarbeide om å finne og returnere soldatar som fall i kamp eller blei tatt til fange under Koreakrigen.

Vage formuleringar og få målbare resultat, hevdar dei som peikar på at atomvåpenprogrammet sidan har halde fram i Nord-Korea.

Andre legg vekt på at Nord-Korea har avstått frå atomprøvesprenging og rakettskyting ii over eit år. Dette er også eit argument Trump har lagt stor vekt på i oppkøyringa til møtet.

Umake par

Det er to særeigne og umake statsleiarar som set kvarandre stevne i Hanoi. Den eine herskar over eit absurd diktatur, den andre styrer verdas mektigaste demokrati. Den eine er halvparten så gamal som den andre.

Landa deira har formelt vore i krig sidan 1950. Ingen sitande amerikansk president har møtt ein nordkoreansk leiar før toppmøtet i fjor, men:

– Vi forelska oss, fortalde Trump etter møtet med Kim.

Utfallet av slike toppmøter er normalt nærast gitt på førehand, førebudd av diplomatar og ekspertar i tida før møtet. Men Kim og Trump er langt unna normalen, i Hanoi er mykje opp til dei to i forhandlingsrommet.

Det dei to driv med, er diplomatisk risikosport. Dei har ingen garanti for å lukkast, men dei har ei felles interesse.

SISTE NYTT

Siste nytt