Hopp til innhold

Trump etter historisk abortdom: – Gud tok avgjerda

Donald Trump er ikkje lenger president, men gjennom Høgsterett kan han forandre USA i mange år framover.

Trump Republicans

FORNØGD: – Det sender alt tilbake til delstatane, der det alltid har høyrt heime, seier Trump om den historiske abortdommen.

Foto: Mark Humphrey / AP

I snart 50 år har amerikanske kvinner hatt rett til sjølvbestemt abort gjennom ein høgsterettsdom.

Eit fleirtal i USA sin høgsterett har no sett til side dommen på nasjonalt nivå.

No skal dei amerikanske delstatane sjølv bestemme om det er lov å ta abort.

Tidlegare president Donald Trump seier det var riktig av Høgsterett å fjerne abortretten.

– Gud tok avgjerda, seier han til Fox News.

– Det sender alt tilbake til delstatane, der det alltid har høyrt heime, legg han til.

LES OGSÅ Høyesterett i USA med historisk abortdom

United States Supreme Court overturns the landmark Roe v Wade abortion decision

– Historisk

– At dei no snur kurs, er ganske historisk, seier USA-ekspert Sofie Høgestøl.

Ho seier at dommen var som forventa – sidan eit utkast frå Høgsterett vart lekka tidleg i mai.

Der kom følgjande avsløring: Fleirtalet av høgsterettsdommarane ville gå inn for å forby retten til sjølvbestemt abort.

Det sende sjokkbølger gjennom USA.

Endrar kursen

Avgjerda om abort kjem allereie dagen etter at retten til å bere våpen offentleg vart utvida av Høgsterett i USA.

Under Trump sin presidentperiode fekk han velje tre høgsterettsdommarar til USA sin øvste domstol. Dette har ført til at fleirtalet i domstolen no er konservative, og valde inn av republikanske presidentar.

– Eg trur det viser kor viktig det var for Trump å få inn desse konservative dommarane. No endrar dei verkeleg kursen i amerikansk høgsterett, påpeikar Høgestøl.

Ho er jurist og førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo – i tillegg er ho varamedlem på Stortinget for Venstre.

– Viss dei snur kurs i abortspørsmålet og i våpenspørsmålet: Kva andre spørsmål ligg på blokka vidare? Kva anna vil bli revurdert? spør ho.

Ifølge Insider har dommar i USA sin høgsterett, Clarence Thomas, fredag teke til orde for at retten no burde «revurdere» avgjersler om prevensjon og likekjønna ekteskap.

– Vil synleggjere polariseringa

– For meg er ikkje denne dommen uventa eller sjokkerande, men det markerer ein milepæl for amerikansk høgsterett, seier Høgestøl.

Abortspørsmålet er svært betent. Dommen vekker sterke reaksjonar.

Høgestøl trur dommen er med på å auke avstanden mellom ytterpunkta i abortdebatten.

– Konsekvensen av dommen er at det synleggjer polariseringa. Delstatane har vore splitta i spørsmålet. Det har allereie vore splittingar, men det er berre meir synleg no, fastslår ho.

Sofie Høgestøl

IKKJE OVERRASKA: Sofie Høgestøl, jurist og førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over abortdommen i USA.

Foto: Kristian Elster / NRK

– 150 år tilbake i tid

Seks høgsterettsdommarar stemte for at dommen skulle settast til side, medan tre ynskte å behalde den.

President Joe Biden, som er ein forkjempar for abortrettar, er skuffa.

– Det er ein trist dag for domstolen og for landet, seier han.

Biden meiner avgjerda set USA 150 år tilbake i tid.

– Vi må ha klart føre oss at kvinner si helse og liv er i fare i dette landet, uttrykte han på pressekonferansen etter abortdommen.

Tidlegare president Barack Obama omtalar avgjerda som eit angrep på ein essensiell fridom til millionar av amerikanarar.

Republikanarane sin leiar i Senatet, Mitch McConnell, seier derimot at avgjerda er «modig» og «korrekt».

LES OGSÅ Biden om abort-dommen: – En trist dag for landet

Biden Supreme Court Abortion

Fleire delstatar innfører forbod

I halvparten av delstatane kan abortforbod bli ein realitet. 26 delstatar har signalisert at dei vil stramme inn eller forby abort, ifølge The Guardian.

Missouri har allereie vedteke abortforbod få timar seinare. Det same har Texas.

– I ein konservativ delstat, som Texas, har dette vore ein kamp om å ta tilbake makta over abortspørsmålet frå den amerikanske høgsteretten, seier Høgestøl.

Ho seier mange av dei såkalla konservative delstatane har venta på dommen.

– Det har vore ein langvarig kamp, der Høgsterett seier at alle delstatane må tilby aborttenester, og så har det vore ein del delstatar som ikkje ynskjer å gjere det.

Alexandria Ocasio-Cortez

RASANDE: – Folk vil døy på grunn av denne avgjerda, seier den demokratiske politikaren Alexandria Ocasio-Cortez.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Alexandria Ocasio-Cortez frå Demokratane, som i fleire år har vore ei tydeleg stemme når det kjem til kvinner sine rettar og abort, skriv på Twitter at avgjerda vil gjere abort farlegare, spesielt for fattige og marginaliserte grupper.

Nesten halvparten av kvinnene som ynskjer å ta abort i USA, lever under fattigdomsgrensa.

– Folk vil døy på grunn av denne avgjerda. Og vi vil aldri stoppe før abortrettane er oppattretta i USA.

SISTE NYTT

Siste nytt