Hopp til innhold

Slik ser det nye smittekartet ut: Fleire fylke i Noreg har blitt raude – Oslo mørkeraudt

Torsdag kom Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) med sin vekevise oppdatering.

Oslo sentrum

Oslo har blitt mørkeraudt i det siste kartet frå Det europeiske smittevernbyrået.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Kvar veke oppdaterer Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) smittekartet.

Kartet er basert på talet på smitta per 100.000 dei siste fjorten dagane i kvart einskild land.

Fredag kjem den norske regjeringa med sine reiserestriksjonar som tar utgangspunkt i dataa frå ECDC. Dei norske restriksjonane vil gjelda frå natt til fyrstkomande måndag.

I dag kunne Erna Solberg melda at kjærastar og familiemedlem frå land utanfor EU/EØS-området får høve til å reisa til Noreg.

Under kan du sveipa for å sjå korleis kartet har endra seg den siste veka.

ECDC smittekart 2. september
Smittekartet 26. august

Fleire fylke i Noreg raude

Fleire fylke i Noreg har blitt raude i Noreg den siste veka.

Vestland og Oslo var tidlegare raude, men no er også Viken og Agder raude.

Oslo er blitt mørkeraudt.

Nokre delar av Frankrike er framleis mørkeraude.

I Frankrike er talet på smitta per 100.000 dei siste 14 dagane på over 400. På Kypros er 496 smitta per 100.000 dei siste 14 dagane.

Smittetrykket har vore høgast på Irland med 504 smitta per 100.000 innbyggjarar.

Stort smittetrykk

Ifølgje ECDC sin oversikt er smittetalet i Noreg dei siste fjorten dagane på 234 per 100.000.

Onsdag blei det høgaste talet smitta på eitt døgn registrert med 1796 koronasmitta. Det siste døgnet er det registrert 1640 smitta.

Camilla Stoltenberg seier FHI bomma på kor smittsamt deltaviruset er og kor mykje kontakt unge har.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad uttalte i dag at koronasituasjonen likevel ikkje er så dyster som smittetala kan gi inntrykk av.

– Vi beveger oss gradvis mot ein meir normal kvardag, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut akkurat no, skriv Nakstad i ein e-post til NTB.

Men ein ny trevekersprognose frå FHI viser ein stor auke av smitta og innlagde. FHI trur 4900 personar vil bli smitta kvar dag, og at 188 personar vil vera innlagde.

Det gjer avdelingsleiar ved medisinsk intensivavdeling på OUS uroa.

12-15-åringar får vaksinetilbod

pressekonferansen torsdag blei det klart at 12-15-åringar får tilbod om éin vaksinedose.

FHI anbefaler at ein nyttar Pfizer-vaksinen sidan det ligg føre større erfaring med bruk av dette produktet for så unge personar.

Pressekonferanse om koronasituasjonen

Bjørn Guldvog, Erna Solberg og Camilla Stoltenberg på pressekonferansen.

Foto: Ali Zare / NTB

I staden for å utsetja trinn fire, har regjeringa bestemt at trinnet blir droppa. Vi blir dermed ståande på trinn 3 i gjenopningsplanen.

– Der blir vi til fleire er fullvaksinerte og vi kan gå over til normal kvardag med auka beredskap, sa ho på pressekonferansen.

Solberg oppmoda også til bruk av gult nivå på skulane dersom det inneber at elevane får vera meir på skulen.

SISTE NYTT

Siste nytt