Toppsjefen i BBC trekkjer seg

Toppsjefen i BBC, George Entwistle, trekkjer seg etter at ein tidlegare britisk toppolitikar feilaktig vart trekt inn i ei pedofilisak i nyheitsmagasinet Newsnight tidlegare denne veka.

Toppsjefen i BBC, George Entwistle, trekkjer seg.

Toppsjefen i BBC, George Entwistle, trekkjer seg på grunn av falske opplysningar om seksuelle overgrep i eitt av BBC sine program.

Foto: ANDREW COWIE / Afp
Bent Tanstad
Journalist

Den tidlegare toppolitikaren vart ikkje namngitt i programmet, men på grunn av det som kom fram vart han utpeika som gjerningsmann på Internett.'

Steven Messham har skulda toppolitikar for overgrep.

Steven Messham bad i går Lord McAlpine om orsaking for skuldingane.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

– Eg har bestemt meg for at det å gå av er den beste løysinga, sa han i eit innslag på BBC i kveld som var filma utanfor hovudkvarteret i London.

Ville reinvaske seg

Den tidlegare økonomisjefen i Det konservative partiet, Lord McAlpine, trua i går med å gå rettens veg for å bli reinvaska. Seinare har mannen som sette fram skuldingane trekt desse tilbake og bede om orsaking. Han sa at det likevel ikkje var McAlpine som hadde utsett han for seksuelt misbruk.

Steven Messham sa at det var politiet som feilaktig hadde sagt at mannen Messham hadde peikt ut, var McAlpine.

Messham har sagt at han vart misbrukt av ein høgtståande politikar frå Det konservative partiet medan han budde på ein barneheim i Wrexham i Wales. Han hevda at granskingane som er gjennomførte om dette, er mangelfulle.

Savile-skandalen

Jimmy Savile

Jimmy Savile var ein dei mest populære programleiarane på BBC.

Foto: Lewis Whyld / Ap

George Entwistle var også i hardt ver før denne siste utviklinga, etter at det kom fram at ein av dei store programleiarstjernene i BBC, Jimmy Savile, hadde gjort seg skuldig i svært mange tilfelle av seksuelle overgrep mot born.

BBC laga ein dokumentar om dette, men denne vart ikkje sendt. Leiinga i BBC vart då skulda for å ville dekkje over det den tidlegare programleiaren hadde gjort. Jimmy Savile døydde tidlegare i år.

LES OGSÅ: Ber overgrepsskulda lord om orsaking

LES OGSÅ: Cameron varslar ny gransking av overgreps-skandale

LES OGSÅ: Savile-skandalen vokser seg større

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt