Hopp til innhold

Cameron varslar ny gransking av overgreps-skandale

Storbritannias statsminister David Cameron lovar ny gransking av skuldingar om seksuelt misbruk av born på rundt 40 barneheimar i Wales. Ein tidlegare toppolitikar i Det konservative partiet skal vere innblanda.

Storbritannias statsminister David Cameron.

Statsminister David Cameron fryktar at overgrepsskandalen i Wales skal skade Det konservative partiet.

Foto: POOL / Reuters

Ein ikkje namngitt tidlegare toppfigur i Cameron sitt parti, Det konservative partiet (Tory), er blant dei som er skulda for misbruk.

Steve Messham, ein av dei som seier han blei misbrukt av den tidlegare toppolitikaren på 1980-talet, meiner det som har kome fram ved tidlegare granskingar av saka på langt nær har avdekt alt som skjedde.

Høgt verv i partiet

Politikaren det gjeld skal ha hatt eit høgt verv i partiet medan Margaret Thatcher var partileiar og statsminister. Messham skal møte statsråden for Wales-saker i morgon tysdag.

Saka kjem opp i kjølvatnet om avsløringane om omfattande seksuelt misbruk av born av den kjende BBC-programleiaren Jimmy Savile .

Partileiar og statsminister David Cameron, som er på besøk i Abu Dhabi, sa til britisk presse i ettermiddag at alt no skal på bordet i denne saka:

– Avskyeleg handling

– Misbruk av born er ei motbydeleg og avskyeleg handling, og desse skuldingane er så forferdelege at dei ikkje kan bli hengjande i lufta. Derfor tek eg affære i dag, sa Cameron blant anna.

Den britiske statsministeren gjorde det klart at han vil utnemne ein høgtståande og uavhengig person til å leie granskinga av om granskinga frå år 2000 vart gjort skikkeleg, og at granskingskommisjonen skal gi ei rask tilbakemelding til regjeringa.

Cameron sa også at alle som veit noko om skuldingane om seksuelt misbruk av born, må kontakte politiet og fortelje det dei veit.

Fleire granskingar

Skuldingane om misbruk byrja å kome fram rundt barneheimen Bryn Estyn på 1990-talet, men ein granskingsrapport som vart laga av lokale styresmakter vart aldri offentleggjort.

Så sette regjeringa ned ein ny granskingskommisjonen om overgrepsskuldingane i Wales, der 650 personar vart intervjua over ein periode på tre år. Rapporten vart offentleggjort i 2000 av Sir Ronald Waterhouse. Sir Ronald døydde i fjor.

Granskinga identifiserte 28 personar som moglege overgriparar, men namna vart aldri offentleggjorde.

Steve Messham sa til BBCs Newsnight sist fredag at Waterhouse-granskinga heldt 30 prosent av overgriparane utanfor. Han vart sjølv intervjua av kommisjonen, men seier no at han vart beden om ikkje å snakke om nokre av overgriparane.

– Heldt overgriparar utanfor

– Eg forstår ikkje vitsen med granskinga så lenge 30 prosent av overgriparane vart haldne utanfor. Eg vart beden om ikkje å snakke om dei. Eg fekk ikkje lov til å namngi dei, sa Messham blant anna.

– Dei gav meg ikkje nokon grunn. Dei sa berre at eg ikkje hadde lov å snakke om dei, la han til.

Messham seier til BBC at han vart misbruk meir enn eit dusin gonger av den tidlegare toppfiguren i Det konservative partiet.

– Sjokkert og knust

Keith Gregory, ein kommunestyremedlem i Wrexham, seier til BBC at han vart misbrukt seksuelt, fysisk og psykisk på Bryn Estyn på 1970-talet, både av personar som arbeidde på institusjonen og av folk frå lokalsamfunnet.

Han seier at han vart sjokkert og fullstendig knust av at Waterhouse-granskinga ikkje hadde sett nærmare på skuldingar om at born vart tekne ut frå barneheimar, for å gjere dei tilgjengelege for misbrukarane.

– Det er heilt naudsynt at dette kjem fram no. Eg støttar avgjerda om ei ny gransking, slik at det blir mogleg å få fram det som ikkje kom fram sist, seier han.

Politikarar og dommarar

Keith Gregory seier at det blant overgriparane var parlamentsmedlemer, advokatar, dommarar, industrileiarar, butikkeigarar og politifolk.

Statsminister David Cameron vil no ha full gransking av begge dei to tidlegare granskingsrapportane.

Parlamentsmedlem Tom Watson frå Det britiske arbeidarpartiet, Labour, som var den første som tok opp saka i parlamentet, har bede David Cameron om å gå endå lenger og be om full politietterforsking av saka.

SISTE NYTT

Siste nytt