Hopp til innhold

BBC-programleiar skulda for å ha kjøpt seksuelle bilde av mindreårig

Fleire høgprofilerte BBC-figurar har nekta for at dei er involverte i saka, som har vekka reaksjonar frå den britiske regjeringa.

100 years BBC

BBC: Den britiske kringkastaren fortel at dei tar skuldingane veldig seriøst.

Foto: DPA Christoph Meyer / NTB

Fredag publiserte den britiske avisa The Sun ei sak med skuldingar mot ein programleiar hos den britiske kringkastaren BBC.

BBC fortel i eit fråsegn at dei tar skuldingane veldig seriøst.

Mannen er skulda for å ha kjøpt seksuelt eksplisitte bilde av ein tenåring.

Skuldingane har ført til at den britiske kulturministeren søndag kalla inn til hastemøte med BBC-sjef Tim Davie.

BBCs generaldirektør Tim Davie er avbildet på BBC World Services kontorer i London, Storbritannia, torsdag 28. april 2022.

BBC-sjef Tim Davie blei kalla inn til hastemøte med den britiske kulturministeren.

Foto: Hannah McKay / AP

Programleiaren er ikkje namngitt, men BBC har opplyst om at han er tatt av lufta.

– Med tanke på skuldingane er det viktig at BBC no får rom til gjennomføre etterforskinga, fastslå fakta, og sette i verk nødvendige tiltak, skriv den britiske kulturministeren Lucy Frazer på Twitter.

Frazer skriv også at ho utover vil komme med fleire oppdateringar om saka.

Storbritannias kultur-, medie- og sportsminister Lucy Frazer forlater et statsrådsmøte i Downing Street 10 i London 15. mars 2023.

Lucy Frazer kalla søndag inn til møte med Tim Davie.

Foto: DANIEL LEAL / AFP

Skal ha betalt i underkant av ein halv million kroner

Skuldingane mot programleiaren kom først fram i avisa The Sun. Dei kallar programleiaren for ein høgprofilert tilsett hos den britiske statskanalen.

Avisa skuldar programleiaren for å ha betalt meir enn 35 000 pund, eller rett i underkant av ein halv million kroner, til ein tenåring i byte mot seksuelt eksplisitte bilde. Dette beløpet skal ha blitt betalt over tre år.

Kontakten mellom dei skal ha starta då tenåringen var 17, og ifølge mora skal pengane ha blitt brukt til å kjøpe crack-kokain.

I eit fråsegn frå det britiske kulturdepartementet blir skuldingane omtalt som svært bekymringsfulle.

Nektar for å vere involvert

Etter skuldingane blei offentleggjort har fleire profilerte BBC-figurar uttalt seg på sosiale medium, og nekta for å vere involvert i saka. Rylan Clark, Jeremy Vine, Nicky Campbell og Gary Lineker er blant dei.

FA Cup Final - Manchester City v Manchester United

Gary Lineker, programleiaren for BBCs «Match of the Day», har gått ut på sosiale medium og nekta for å vere involvert.

Foto: PAUL CHILDS / Reuters

Ifølge BBC-korrespondent Lucy Manning skal det vere spekulasjonar om at familien til tenåringen tidlegare har vore i kontakt med den britiske krigskastaren, men at dei ikkje gjennomførte ei skikkeleg etterforsking.

BBC fortel i eit fråsegn at dei aktivt har forsøkt å snakke med dei som har kontakta dei for å få meir informasjon og forståing av situasjonen.

BBC har tidlegare vore involvert i skandale. Den framståande BBC-programleiaren Jimmy Saville blei etter hans død skulda for å ha stått bak ei rekke overgrep mot personar i alderen 5 til 75 år. Blant dei den avdøde programleiaren skal ha forgripe seg på var sjuke personar ved eit sjukehus.

Les også – BBC-kjendis forgrep seg på alt fra 5 til 75 år gamle pasienter

Jimmy Savile

SISTE NYTT

Siste nytt