NRK Meny
Normal

Ber overgrepsskulda lord om orsaking

Steve Messham, som har skulda ein tidlegare britisk toppolitikar for seksuelle overgrep, bad i kveld Lord McAlpine om orsaking for at hans namn var trekt inn i saka.

Baron Allistair McAlpine of West Green.

Lord Allistair McAlpine fekk i kveld ei orsaking for å ha blitt skulda for seksuelle overgrep på ein barneheim i Wales.

Foto: John Ferguson / Camera Press

Mesham seier at det er snakk om ei samanblanding av namn, og at det ikkje var lorden som forgreip seg på han på barneheimen Bryn Estyn i Wrexham i Wales. Dette skjer etter at McAlpine tidlegare i dag trua med å gå til retten for å få namnet sitt reinvaska.

Steven Messham har skulda toppolitikar for overgrep.

Steven Messham bad i kveld Lord McAlpine om orsaking for at han trekt inn i overgrepssaka.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

Messham seier at han har gitt McAlpine og familien hans ei ærleg og audmjuk orsaking.

– Ikkje same personen

I ei fråsegn frå Steven Messham heiter det blant anna:

– Etter å ha sett på eit bilete av personen dette gjeld, så ser eg at det ikkje er personen eg peikte ut på eit bilete overfor politiet tidleg på 1990-talet, og som politiet sa var Lord McAlpine.

Ein talsmann for politiet i Wales vil ikkje kommentere dette fordi saka er under ny etterforsking.

Britisk presse har dei siste vekene brukt mykje plass på denne saka, som gjeld overgrep mot gutar på barneheimen Bryn Estyn i Wrexham på 1970- og 1980-talet. Britisk presse har ikkje namngitt McAlpine, men det er gjort i kommentarfelt på Internett.

McAlpine, som var økonomisjef og nestleiar i Det konservative partiet då Margaret Thatcher var partileiar, seier at han berre har vore ein gong i Wrexham, og at han aldri var i nærleiken av barneheimen.

Han var i byen der på oppdrag frå partiet, og var heile tida i selskap med ein no avdød partifunksjonær, seier han.

Tidlegare toppolitikar

Utspelet kjem etter at ein tidlegare bebuar på Bryn Estyn, Steven Messham, uttalte på BBCs Newsnight nyleg at han vart seksuelt misbrukt av ein tidlegare toppfigur i Det konservative partiet. Overgriparen vart ikkje namngitt.

McAlpine vart adla av Margaret Thatcher og fekk tittelen Baron McAlpine of West Green in Hampshire. Han har vore gift tre gonger og har tre born, og er i dag busett i Italia.

Fleire britiske aviser skreiv i dag at Lord McAlpine kan vere utsett for ei samanblanding av namn.

– Eg har aldri seksuelt misbrukt Herr Messham eller nokon annan ved barneheimen i Wrexham, seier han.

– Identifiserte feil person

Den tidlegare politikaren sa i ei fråsegn tidlegare i dag at han ikkje trur at Steven Messham har kome med skuldingane mot han av vondskap, men at han tek feil og har identifisert feil person.

Storbritannias statsminister David Cameron.

Storbritannias statsminister David Cameron har åtvara mot skuldingar retta mot namngitte personar på Internett.

Foto: Jon Super / Ap

– Eg har den djupaste sympati for Messham og for dei mange andre som vart utsette for seksuelle overgrep på barneheimen, seier Lord McAlpine. Han seier at han er villig til å forklare seg for politiet for å bli sjekka ut av saka.

Storbritannias statsminister David Cameron seier i ein kommentar at fråsegna frå Lord McAlpine viser kor farleg det er å slengje rundt seg med namn på menneske ein trur er pedofile, slik det er gjort på Internett.

I går sa David Cameron at han fryktar at desse skuldingane mot namngitte personar om overgrep, kunne føre til ei heksejakt på homofile .

Kravde ny gransking

Den gamle overgrepssaka frå barneheimen i Wales fekk ny aktualitet i kjølvatnet av avsløringane av den avdøde BBC-profilen Jimmy Savile som overgripar.

Steven Messham gjekk ut og kravde ei ny gransking av det som skjedde, fordi granskinga som vart avslutta i 2000 ikkje hadde fått med seg heile omfanget av saka.

Messham, som var ein av dei som vart intervjua av granskarane, seier at dei ikkje ville høyre på han når han nemnde ein toppolitikar som ein av overgriparane.

Sist tysdag sa innanriksminister Theresa May at det no blir starta ny politietterforsking av overgrepssakene frå Wrexham.

LES OGSÅ: Britisk politi planlegger arrestasjoner i Savile-saken

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt