Hopp til innhold

Krev at dei som står bak blir straffa

Dei som stod bak steininga av eit kjærestepar i Afghanistan, må bli stilte for retten. Det seier politiet etter at ein video av steininga kom ut.

Video Steina i Afghanistan

Eit kjærestepar vart steina til døde i Afghanistan i august i fjor. NRK har valgt å klippe vekk dei verste scenene.

Ein mann og ei kvinne, som var dømde for å ha seksuell omgang utanfor ekteskapet, vart steina til døde i august i fjor .

Fleire hundre menneske var med på steininga, som skjedde i Dashte Archi-distriktet i Kunduz nord i landet.

Området er framleis kontrollert av Taliban. Ingen av dei som var med på steininga, vart melde til politiet.

– Vi skal finne dei

Etter at ein video av hendinga kom ut, har politisjefen gått ut og sagt at dei vil prøve å finne ut kven som stod bak, og at dei trur dei skal klare å kjenne dei att frå videomaterialet.

– Spesialetterforskarar frå politiet vil bli sende til området. Vi kjem til å finne dei, og vil stille dei for retten, seier han til BBC.

Videoen er eit opptak gjort med mobiltelefon. Opptaket er nyleg kome i hendene på både afghanske myndigheiter og NATO.

Det meste av innhaldet er for grovt til å vise fram, og videoen er sterkt sensurert.

Burka full av blod

Videoen startar med ei 25 år gamal kvinne som står i eit hol i bakken. Berre overkroppen stikk opp, og ho er gøymd vekk inne i ein blå burka.

Fleire hundre menn frå landsbyen er samla for å høyre dommen falle over ho. Ho blir dømd skuldig i utruskap, og så steina i to minutt. Fleire hundre steinar blir kasta, nokre av dei større enn knyttnevar, mot kroppen og hovudet hennar.

Forsøk på å klatre ut av holet blir stansa av at nye steinar blir kasta på ho, før ho får ei steinblokk over seg. Burkaen hennar er full av blod, og kvinna kollapsar i holet.

Ho er likevel ikkje død enno. Dei som leiar steininga, seier ho skal bli liggjande, men ein mann går fram og skyt ho tre gonger med eit gevær.

Rømde for å gifte seg

Så blir kjærasten hennar henta fram. Han har knytt hendene på ryggen. Før han får bind for augo, ser han inn i mobilkameraet.

Når steininga av han startar, fell han til bakken. Nye steinar treff han, og han får rykningar kvar gong han blir treft. I starten kan ein høyre gråt, men denne blir snart borte.

Paret hadde nyleg kome tilbake frå Pakistan, der dei hadde rømt for å gifte seg. Dei skal ha fått falske lovnader om at ingen skulle skade dei om dei kom tilbake.

– Fornærmar profeten

Taliban-talsmann Zabiullah Mujahid forsvarte dommen i eit telefonintervju.

– Alle som kjenner Islam, veit at steining er tema i Koranen, og at dette er islamsk lov, seier han.

– Det finst folk som kallar dette umenneskleg, men når dei gjer det, fornærmar dei profeten. Dei prøvar å få utanlandsk tenkemåte inn i landet, seier han.

Må skjerpe lovene

NATO-representant Mark Sedwill

Taliban har eit forferdeleg syn på islamsk lov, meiner NATO-representant Mark Sedwill.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

NATO-representanten Mark Sedwill seier Taliban har eit forferdeleg syn på islamsk lov, men at også regjeringa i Afghanistan må betre lovene i landet.

– Samfunna som blir terroriserte, har ikkje noko val. Det er derfor vi må fjerne Taliban, seier han.

Sedwill meiner det er påkrevd at regjeringa no har samtalar med Taliban i desse områda, slik at liknande hendingar ikkje skjer.

Frykt og hat

Ahmed Nader Nadery, i den uavhengige menneskerettskommisjonen i landet, seier videoen minner han om korleis det var då Taliban styrte landet.

– Ikkje berre minner han meg på korleis det var i Kabul og andre delar av landet på den tida. Han skapar også ei fryktkjensle, og eit større hat mot desse gruppene, seier han, og legg til:

– Og kva om Taliban kjem tilbake til makta?

Nadery meiner videoen er eit bevis på at regjeringa og verdssamfunnet ikkje har klart å nedkjempe denne type kriminalitet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt