Hopp til innhold

Terrormistenkt sett fri etter avhøyr

Ein mann som blei forveksla med den mistenkte etter terroren i Istanbul, var i dag i avhøyr i heimlandet Kirgisistan. Styresmaktene der seier han ikkje lenger er mistenkt for ugjerninga og mannen er sett fri.

Terroraksjon i Istanbul.

Mange la ned blomar utanfor nattklubben Reina også i dag, til minne om offera for terroraksjonen natt til søndag.

Foto: Yasin Akgul / AFP

Rakhat Soulaimov, talsmann for etterretningstenesta GKNB, sa tidlegare i dag at dei ser nærmare på om ein kirgisisk statsborgar kan vere blanda inn i angrepet i Istanbul natt til første nyårsdag.

BBC og AFP melder i kveld at kirgisiske styresmakter meiner mannen ikkje har noko med terrorangrepet å gjere.

28 år gamle Lakhe Machrapov, som kom tilbake til heimlandet i dag etter eit besøk i Istanbul, blei tatt for å vere den mistenkte. Alt tyder på at mannen på selfie-videoen ikkje er identisk med Machraprov.

Avviser innblanding

Terroraksjon i Istanbul.

Eit ungt par var blant mange som i dag stilte seg opp utanfor nattklubben Reina, som vart ramma av terror natt til søndag.

Foto: Yasin Akgul / AFP

Machrapov har snakka med kirgisiske journalistar, og han avviser at han hadde noko med angrepet å gjere. Han har fortalt at han reiste til Istanbul på forretningsreise 1. januar, altså dagen etter angrepet, og at han reiste frå byen i dag.

Han fortalde også at han var avhøyrt av tyrkisk politi, fordi han likna på mannen dei mistenkte for terrorangrepet.

Tyrkisk politi meiner at gjerningsmannen kom til Tyrkia frå Syria, der han har gått gjennom omfattande militær trening hos terrororganisasjonen IS.

Vil ha lik hjelp til verdens terrorofre

Ble feilaktig hengt ut som terrorist

Samarbeider med Tyrkia

Kirgisiske styresmakter har ikkje opplyst noko om kva som har kome fram i avhøyret av Machrapov, men seier at dei vil kome med informasjon på eit seinare tidspunkt. Han legg til at dei samarbeider med tyrkiske styresmakter om saka.

Utanriksministeren i Kirgisistan seier at det er lite truleg at ein kirgisar er blanda inn i angrepet i Istanbul.

Selfievideo av antatt gjerningsmann etter terrorangrep mot nattklubb i Tyrkia.

VIDEO: Tyrkisk politi har sendt ut denne videoen av mannen dei meiner kan ha stått bak Istanbul-terroren. Alt tyder på at mannen på selfie-videoen ikkje er identisk med Machraprov.

Det var natt til søndag 1. januar at ein mann skaut vilt rundt seg inne på den fasjonable nattklubben Reina i Istanbul. 39 menneske vart drepne og over 60 såra i angrepet. Vitne skildrar gjerningsmannen som roleg og målbevisst, og at framferda hans bar preg av militær trening.

Saman med familien

Etter skytinga oppheldt mannen seg inne på kjøkkenet i nattklubben, der han blant anna skifta klede. Sjølve skytinga skal ha halde på i over 20 minutt. Mannen skal også ha brukt sjokkgranatar i angrepet.

Ifølgje avisa Hurriyet kom gjerningsmannen til Tyrkia i fjor haust, utan at nokon kan seie akkurat når. Politikjelder seier at dei veit at han oppheldt seg i byen Kona i Anatolia-provinsen 22. november i fjor saman med kona og fleire born.

Desse skal no vere tekne hand om av politiet. Kona skal ha sagt at ho ikkje visste at mannen var ein militant IS-medlem.

SISTE NYTT

Siste nytt