– Teikneseriar er ein bra måte å få ut informasjon samstundes som ein rettar opp i feilinformasjon, seier Alejandro Poire regjeringa sin talsmann for den nasjonale tryggleiken i Mexico til BBC.
Sidan 2006 har landet ført ein intens kamp mot narkotika med både politi og militære troppar.
- Les òg:
- Les òg:
Ikkje tilslutning hos alle
Dette har ifølgje styresmaktene ført til beslaglegging av rekordstore mengder narkotika, og at narkobaronar har blitt arrestert eller drepne i politioperasjonar.
Ein annan konsekvens er eksplosjonen av vald. Narkotikagjengar kjempar nå både mot hæren og kvarandre. Ifølgje BBC har nærmare 40.000 menneske mista livet sitt sidan 2006 i samanheng med narkotikarelatert vald.
- Les òg:
- Les òg:
I teikneseriane finn ein illustrasjonar av narkotikabaronar som blir tatt med store mengder narkotika frå fleire stader i Mexico.
Framstøyten frå styresmaktene for å visa kor vellukka kampen deira mot narkotika er ser likevel ikkje ut til å ha stor tilslutning hos dei som bur i dei mest valdsutsette områda.
Har mista fire søner
Fleire av desse har sjølv sett blod gå til spille i denne krigen. Maria Herrera har mista fire av sine søner dei siste tre åra, det er ein moglegheit at alle har blitt kidnappa av narkotikagjengar:
– På nyheitene høyrer me at målet er å få ein slutt på kriminalitet, men på den andre sida ser me fleire offer i denne krigen, det er frustrerande at me ikkje veit når krigen vil slutta, seier ho til BBC.
Ho tenker mykje på at svært mange av dei som blir ramma er uskuldige menneske som ikkje har nokon ting med dei kriminelle narkotikamiljøa å gjera.
For Herrera er ein teikneseriekampanje i kampen mot narkotika fjernt frå hennar verkelegheit som offer i krigen mot narkotika.