Hopp til innhold

Svoltne bjørnar herjar i rumensk by

Dei kjem frå dei mørke skogane i Transylvania, på jakt etter mat i søppelkasser og hagar. Bjørnane blir aggressive når dei blir jaga, og folket i landsbyen Tusnad er redde for desse farlege rovdyra. Dei krev at styresmaktene gjer noko.

SJÅ VIDEO: Bjørnen angriper når nysgjerrige bebuarar prøvar å jage den vekk frå søppelkassa i den rumenske landsbyen Tusnad.

SJÅ VIDEO: Ein svolten brunbjørn går til angrep på nysgjerrige tilskodarar i Tusnad, Romania.

Dei er vande til å leve side om side med brunbjørnen, men sjeldan har dei vore så mange og så nærgåande.

Ein mann frå landsbyen Tusnad i Transylvania, fortel til TV Romania at han måtte springe for livet.

Jaga av bjørn i Romania

MÅTTE SPARKE AV SEG TØFLANE: Ein mann i landsbyen Tusnad fortel til rumensk kringkasting at han måtte sparke av seg flip-flop tøflane sine for å kunne springe frå bjørnen, som kom i full fart.

Foto: TVR

– Eg hadde bjørnen rett bak meg, så eg sparka av meg slippersane og sprang så fort eg kunne for å hindre at bjørnen tok meg.

Bileta frå TV Romania viser fleire svoltne bjørnar som grafsar i søppelkasser midt i sentrum av landsbyen. Når dei lokale kjem litt for nær, går bjørnen til angrep.

Bjørnen stal pannekaker frå middagsbordet

Det er eit farleg rovdyr, og hittil i år har sju personar fått legebehandling etter bjørneangrep i fylket Harghita, dei fleste gjetarar.

Andre fortel om meir absurde møter med bjørnen, men det er tydeleg det er mat dei er ute etter.

– Ein bjørn tok seg inn i heimen til ei eldre kvinne og tok for seg av pannekakene ho hadde på bordet. Han angreip ikkje kvinna, det var pannekakene han ville ha, fortel ein lokal mann til TV Romania.

Dobbelt så mange angrep

Bjørn går til angrep

BJØRNEANGREP: Bjørnen har kome ned frå fjellet for å finne mat i søppelkasser. På vegen skremmer han folk som han støyter på i landsbyen Tusnad i det ville Transylvania.

Foto: TVR

For mange i Transylvania har dei svoltne bjørnane blitt ei plage. Det er rapportert 73 tilfelle der bjørnar har gjort skade på buskap, sau, kyr og andre husdyr. Det er ei dobling frå i fjor.

Romania har 60 % av brunbjørnane i EU, rundt 7.000. 1.400 held til i fjella i Harghita fylke.

Nyleg var det ein demonstrasjon utanfor miljøverndepartementet i Bucuresti, der folk meiner at styresmaktene ikkje gjer nok for å trygge folk og buskap.

Det vart da gjeve løyve til å felle 140 dyr, sjølv om brunbjørnen er freda.

– Manglar gjerde og vakthundar

Ifølgje ekspertar TV Romania har snakka med er ikkje bjørnane farlege, så lenge dei ikkje blir provosert. Men ei binne med ungar må ein passe seg for. Ho er nemleg veldig beskyttande ovanfor ungane sine.

WWF ekspert

INGEN LØYSING: WWF-representant Csibi Magor seier styresmaktene har gjort lite for å sette inn tiltak for å hindre at bjørnen tek seg inn i bebudde område.

Foto: TVR

WWF representant Csibi Magor seier til TV Romania at folk i Transylvania er vande til bjørnar, men at styresmaktene har gjort lite for å betre sameksistensen mellom bjørn og menneske.

– Bjørnen har kome til fleire tettstadar dei siste 30 åra, men ein har ikkje klart å finne ei løysing på lokalt eller nasjonalt nivå. Det er mangel på elektrisitetsgjerder, og det finst ikkje trente hundar som kan varsle at eit vilt dyr er på veg.

SISTE NYTT

Siste nytt