Hopp til innhold

Innvandrarparti mobiliserer i Sverige

Innvandrarpartiet Nyans gjer oppstand i det svenske samfunnet. – Eg vil ikkje at Noreg skal vere eit land der enkeltgrupper skal ha eige parti, seier stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam (Ap).

Kamzy Gunaratnam utenfor Oslo rådhus

HØYRER IKKJE TIL HER: Stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam (Ap) meiner innvandrarparti ikkje høyrer heime i Noreg.

Foto: Oslo kommune/Sturlason

Ein dryg månad før det svenske valet, mobiliserer partiet Nyans for fullt for å stige inn som nytt parti i den svenske Riksdagen.

Nyans meiner minoritetsbefolkninga i Sverige har særeigne interesser som ingen av dei etablerte partia tar på alvor.

Politisk vender dei seg mot forstadene kor dei ønskjer å trekke til seg sofaveljarar, men også å hente stemmer frå parti på den svenske venstresida.

Nyans meiner det svenske Socialdemokratiske partiet har forrådt minoritetane i landet.

– Socialdemokraterna har tatt våre stemmer for gitt. Eg skulle gjerne sett andre parti tok våre saker på alvor, men det gjer dei ikkje. Derfor må vi engasjere oss, seier partisekretær i Nyans, Rami Hussein til NRK.

Nyans

I samband med ein internasjonal svertekampanje mot det svenske barnevernet, arrangerte Nyans og partileiar Mikhail Yüksel ein demonstrasjon mot den svenske sosialtenesta.

Foto: Jessica Gow/TT / TT NYHETSBYRÅN

Statsvitar: Muslimsk interesseparti

– Nyans verker til å vere eit interesseparti. Dei hevdar å ikkje vere eit muslimsk parti, men det er muslimar dei i hovudsak forsøker å mobilisere – framfor alt sunnimuslimar, seier statsvitar ved Göteborg universitet, Jonas Esaisson.

Som kampsak vil dei at muslimar og «afrosvenskar» skal erkjennast som nasjonal minoritet i den svenske grunnlova – på line med jødar, samar, kvenar og romfolk, skriv SVT.

Andre saker er å forby koranbrenning og opne opp for fleire friskular.

Fleire framståande politikarar i Sverige har gått til åtak mot det nye partiet.

Sweden's newly appointed Minister for Home Affairs and Justice Johansson attends a news conference at Rosenbad in Stockholm

Justis- og innanriksminister Morgan Johansson åtvara mot Nyans. Han meinte partiet bidrog til å skape meir splitting i det svenske samfunnet.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

- Ekstremt farleg, sa justis- og innanriksminister Morgan Johansson om Nyans i eit intervju med Expressen.

Partisekretær i Nyans, Rami Hussein, tolkar det som at Socialdemokraterna ser på Nyans som ein demokratisk trugsel.

Han trur ikkje det er umogleg at eit liknande parti får fotfeste i Noreg.

– Det kan godt hende, seier Hussein.

Nyans Rami Hussein

Partiet Nyans vil innføre eit forbod mot koranbrenning i Sverige. Målet er å bli røysta for befolkninga i forstadene i Sverige.

Foto: Skjermdump / Nyans

– Høyrer ikkje heime

– Eg vil ikkje at Noreg skal vere eit land der enkeltgrupper skal ha eige parti, seier stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam (Ap).

Det er dei sosialdemokratiske partia som har stått sterkt blant nordmenn med innvandrarbakgrunn i både Noreg og Sverige. Ved sist stortingsval tyda det på at det var i ferd med å endre seg.

– Minoritetsbefolkninga, som alle andre, er opptatte av å vere ein del av ytringsfridomen, fellesskapet og bidra gjennom arbeidslivet. Dei treng også universell utforming og LHBTQI-rettar. Minoritetsbefolkninga høyrer ikkje til berre éin religion eller éi etnisk gruppe, seier Gunaratnam.

Kamzy Gunaratnam

– Dei etablerte styringspartia har eit ansvar for å representere heile befolkninga, meiner stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam (Ap).

Foto: Martin Holvik / NRK

Gunaratnam trur partiet er eit resultat av større polarisering i Sverige, illustrert ved framgangen til ytre-høgre partiet Sverigedemokraterna.

– Derfor har dei etablerte styringspartia eit ansvar for å inkludere og representere heile befolkninga, seier ho.

– At dei mobiliserer og hentar veljarar, tviler eg ikkje på. Men eg trur ikkje det høyrer heime i eit moderne samfunn, seier Gunaratnam.

Kan finnast etterspurnad

Islamforskar Olav Elgvin ved Universitetet i Bergen trur det kan finnast ein etterspurnad etter eit liknande parti i Noreg.

Han har forska på muslimske organisasjonar i Noreg.

– Det finst mange muslimar som har ein meiningskombinasjon som ikkje er representert blant dei etablerte partia, seier han.

Denne kombinasjonen skildrar han som progressiv når det kjem til økonomi og innvandring, men samtidig konservativ i verdispørsmål knytt til familie og kriminalitet.

DENK. Farid Azarkan

I Nederland kom leiar for partiet Denk, Farid Azarkan, inn i parlamentet med to andre representantar i 2017. Partiet rettar seg mot minoritetsbefolkninga i landet.

Foto: SEM VAN DER WAL / AFP

Han har ingen tvil om at eit muslimsk parti i Noreg ville skapt oppstand også i Noreg. Mange muslimar ville vegra seg for å støtte eit slikt parti nett av denne grunnen, trur han.

Sjølv fryktar ikkje Elgvin eit slikt parti. Han trur det kunne fått ei liknande rolle som KrF.

– Mykje kviler på om dei etablerte partia klarer å halde på desse veljarane. I Noreg har muslimar så langt kjent seg meir heime hos dei etablerte partia enn i Sverige, der muslimar og muslimske organisasjonar har kjent seg stadig meir ekskluderte i den offentlege samtala, seier han.

Fallitterklæring

Historisk er det særs få «innvandrar»- eller «muslimske» parti som har fått fotfeste i europeiske land.

Det mest suksessfulle er moglegvis partiet Denk som fekk tre representantar inn i forsamlinga i Nederland i 2017.

I Noreg har det allereie vore to forsøk på å danne «muslimske» parti, men ingen av dei har nytt stor suksess. Innvandrerpartiet som stilte til val i Oslo i 2007 ser heller ikkje ut til å eksistere lengre.

– Muslimske veljarar er ikkje ei einsarta gruppe og einsaksparti mistar sin appell over tid fordi arbeid og økonomi er viktigare saker, seier debattredaktør i Avisa Oslo, Ahmed Fawad Ashraf.

Ahmad Fawad Ashraf

Debattredaktør i Avisa Oslo, Ahmed Fawad Ashraf, meiner forholda i dei svenske forstadene er ei årsak bak framgangen til Nyans.

Foto: Caroline Roka

I vår starta han ein større samfunnsdebatt etter at han sa at han ikkje lengre kallar seg norsk.

Fawad samanliknar Nyans med Folkets parti FNB, Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

– Eg trur dette partiet etter kvart kjem til å forsvinne. Det er ein myte at innvandrarar og minoritetar berre er opptatte av religion og rasisme, seier han.

Han får støtte frå opphavsmannen bak instagram-kontoen Rasisme i Noreg, Jamal Sheik.

– Hadde det kome eit slikt parti i Noreg hadde det vore ei fallitterklæring for det norske mangfaldsamfunnet. Noko av det fine med politikken er at folk kjem frå alle bakgrunnar og deltar i saman, seier Sheik, som også er medlem av partiet Sentrum.

Jamal møter Runa for første gang

Samfunnsdebattanten og partimedlem i Sentrum, Jamal Sheik, trur ikkje eit parti som Nyans får fotfeste i Noreg med det første.

Foto: Xueqi Pang

Begge meiner Nyans er eit resultat av ei større polarisering i det svenske ordskiftet. Framgangen til ytre høgre-partiet Sverigedemokraterna og forholda i dei svenske forstadene er hovudårsakene, meiner Fawad.

– Det er dei etablerte partia som har ansvaret for å gi minoritetsfolk posisjonar og påverknad for å hindre slike parti, seier han.

Det svenske valet går føre seg 11. september.

SISTE NYTT

Siste nytt