Hopp til innhold

Sverige og Tyrkia har blitt einige

Tyrkias president Erdogan vil godkjenne svensk Nato-medlemskap. Det sa Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse i Vilnius måndag kveld.

Tyrkias president Erdogan handhelsar på Sveriges statsminister Ulf Kristersson. Mellom dei står generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg.

EINIGE: Nato, Tyrkia og Sverige har omsider blitt einige.

Foto: Yves Herman / AP

Nyleg blei det klart at Tyrkia, Sverige og Nato har inngått ein avtale.

Det kom fram etter eit møte mellom Jens Stoltenberg, Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan og Sveriges statsminister Ulf Kristersson.

Avtalen inneber at Erdogan vil fremme eit forslag om ratifisering av svensk Nato-medlemskap for det tyrkiske parlamentet. Erdogan skal også jobbe for å få ratifisert avtalen i parlamentet.

– Dette er eit historisk steg som gjer alle Nato-allierte sterkare, sa Stoltenberg.

Som ein del av avtalen skal Nato opprette ein egen spesialkoordinator for å overvinne terrorisme.

Det var berre Stoltenberg som tok plass på podiet etter at partane hadde blitt einige.

Recep Tayyip Erdogan, Jens Stoltenberg og Ulf Kristersson

MØTE FØR MØTET: Dei tre partane møtte måndag ettermiddag, ein dag før det offisielle Nato-toppmøtet startar.

Foto: Nato

Kristersson: – Ein bra dag for Sverige

– Eg er veldig glad for at vi har tatt kvarandre i handa rundt ei felles utsegn. Det har vore ein bra dag for Sverige, og no ventar resten av dette toppmøtet.

Det sa Sveriges statsminister Ulf Kristersson på ein eigen pressekonferanse i Vilnius måndag kveld.

Ulf Kristersson

TYRKISK MOTSTAND: Sverige har i over eit år ønska å bli med i Nato, men har møtt motstand frå Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

Foto: Reuters

– Vi kjem til å etablere ein ny bilateral sikkerheitsdialog, eit slags samarbeidsformat, sa Kristersson.

Den svenske statsministeren sa at han og Erdogan har diskutert Tyrkias forhold til EU.

– Frå svensk side støtter vi framleis eit nærare samarbeid mellom Tyrkia og EU. Det kan handle om ein modernisert tollunion, og også om visumspørsmål, sa Kristersson.

Professor Tormod Heier frå Forsvarets høgskole om at Tyrkia no seier ja til å sleppe inn Sverige i Nato.

– Letta

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at eit samla Norden, vil gjere Nato sterkare.

– Det er viktig, positivt og gledeleg for Sverige, Noreg, Norden og for Nato at svensk medlemskap i alliansen er avklart, etter semje mellom Stoltenberg, Erdogan og Kristersson i kveld. Eit samla Norden i Nato vil gjere alliansen sterkare og Norden tryggare.

– Det var ein letta mann. Eg trur svenskane er glade, seier Støre, rett etter at han møtte Sveriges statsminister måndag kveld.

Tysdag startar det offisielle Nato-toppmøtet i Vilnius i Litauen, som skal vare i to dagar.

Følg nyheiter frå Nato-toppmøtet her:

Tyrkia ønsker EU-medlemskap

Erdogan sa i forkant av samtalen med Stoltenberg og Kristersson at han først ville snakke om EU-medlemskap, før han kunne opne for svensk Nato-medlemskap.

– Først, opne vegen for Tyrkias medlemskap i EU, så vil vi opne for Sverige, akkurat som vi har opna han for Finland, sa Erdogan, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Etter møtet med Stoltenberg og Kristersson, hadde Tyrkias president eit møte med EU-president Charles Michel.

– Utforska moglegheiter framover for å bringe tyrkisk-EU-samarbeid tilbake, og gi ny giv til vår relasjon.

Slik skildrar EU-president Charles Michel møtet han hadde med Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan i dag.

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, seier han støttar Tyrkias ambisjon om å bli EU-medlem.

Erdogan framfor eit tyrkisk flagg på ei scene.

Tyrkias president Erdogan har fleire gonger uttalt at han vil bli med i EU.

Foto: Francisco Seco / AP

Tyrkia har i fleire tiår uttrykt ønske om å bli med i EU, med jamne mellomrom.

I 1999 fekk Tyrkia kandidatstatus, men vegen frå dørstokken og inn i varmen hos EU, har vore vanskeleg og lang.

Det var krigen i Ukraina som aktualiserte medlemskapet.

Sverige og Finland har vore alliansefrie land, men etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina, søkte begge landa om Nato-medlemskap.

Tyrkia har vore medlem av Nato sidan 1952, og blokkerte først begge søknadane. I mars sa president Erdogan til slutt ja til Finland.

Erdogan og Finlands president Sauli Niinisto går med paraply på ein blå løpar i regnet. Soldatar i blå uniform står oppstilt langs løparen.

Erdogan gav tyrkisk ja til finsk Nato-medlemskap i mars i år.

Foto: Burhan Ozbilici / AP

Men Tyrkia har blokkert Sverige sin Nato-søknad, fram til no. Tidlegare har Erdogam framsett ei liste med krav til Sverige, i tillegg til å be om forhandlingar for tyrkisk EU-medlemskap.

Koranbrenning i Sverige er blant det som har sett ein stoppar for tyrkisk ja.

– Viss de ikkje viser den respekten, kan de diverre ikkje vente noko støtte frå oss i Nato-spørsmålet, sa Erdogan etter at den høgreradikale politikaren Rasmus Paludan arrangerte brenning av Koranen utanfor Tyrkias ambassade i Sverige.

I tillegg til koranbrenning, skuldar Erdogan Sverige for å huse «PKK-terroristar». Erdogan har ei liste med namn som han ønsker utlevert til Tyrkia.

Fleire norske parti er kritiske til ein slik utleveringsavtale.

Menn står rundt eit brennande svensk flagg.

Fleire land reagerte på koranbrenninga i Sverige. Her blir det svenske flagget brent i Lahore i Pakistan.

Foto: ARIF ALI / AFP

Kurdistans arbeidarparti (PKK) er eit politisk parti, terrorstempla av EU, USA og Tyrkia. Partiet, som blei oppretta i 1978 med mål om å opprette ein eigen kurdisk stat, har sidan 80-talet kjempa mot tyrkiske styresmakter.

Dei kallar ikkje seg sjølve for ei terrorgruppe, men seier at dei arbeider for kurdiske rettar, og ein kurdisk stat.

Les også Navnene på terrorist-listen

rehber

To ulike problemstillingar

Tysklands forbundskanslar Olaf Scolz reagerer på at Erdogan koplar svensk Nato-medlemskap med tyrkisk EU-medlemskap.

Ifølge nyheitsbyrået AFP seier Scholz at Sverige oppfyller alle krav for Nato-medlemskap, og at problemstillinga kring tyrkisk EU-medlemskap ikkje kan koplast saman med det.

Det same seier Matthey Millew, talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet:

– Vi meiner at det er separate problemstillingar.

I løpet av det to dagar lange møtet skal Nato-landa også diskutere korleis Ukraina kan nærme seg medlemskap i alliansen, og kva tryggleiksgarantiar landet kan få når Russland sin krigføring ein gong tek slutt.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt