Hopp til innhold

Her er Erdogans kravliste til Sveriges Nato-medlemskap

Tyrkia og Sverige har forsøkt, utan hell, å finne ei løysing på usemja som så langt har hindra eit svensk Nato-medlemskap. No publiserer Tyrkia kravlista si.

President i Tyrkia, Recep Erdogan, held opp ein finger, samtidig som han taler til det tyrkiske parlamentet.

Recep Tayyip Erdogan har vore veldig skeptisk til svensk Nato-medlemskap, og i dag la Tyrkia fram ei liste med krav.

Foto: ADEM ALTAN / AFP

Det er frå før av kjent at Tyrkia har hatt fleire krav til Sverige, men også Finland. Men lista har ikkje vore offentleggjort før no.

Den tyrkiske regjeringa la i dag ut ei pressemelding på heimesida si, med fem punkt der dei stiller krav til Sverige. Ingen av krava er nye, samanlikna med det som media har meldt tidlegare.

1. Slutte å støtte terroristar

«Vår stat har kravd utlevering av PKK-PYD og FETÖ-terroristar sidan 2017, men det har ikkje skjedd», står det i dokumentet.

2. Slutte å gje finansiell støtte til PKK.

Tyrkia viser her til summen 376 millionar dollar, og omtaler då bistand som Sverige har gitt til kurdiske grupper, hovudsakleg i nordaustlege Syria. Dette er pengar som går til bygging av demokrati, humanitær hjelp og andre bistandsprosjekt, skriv det kurdiske mediehuset Rudaw.

3. Avslutte våpenstøtte

Tyrkia hevdar Sverige gir antitank-utstyr og dronar til PKK.

4. Oppheving av embargo og sanksjonar mot Tyrkia

Fleire EU-land stansa all våpeneksport til Tyrkia då tyrkiske soldatar i 2019 gjekk inn i Syria for å angripe kurdiske styrker der.

5. Tyrkia understrekar i siste punkt at Nato er ein allianse som skal jobbe mot terrorisme. Dette vert nemnt fordi Tyrkia meiner Sverige støtter terror.

Kravliste frå Tyrkia

Her er kravlista frå Tyrkia

Foto: Nettsidene til den tyrkiske regjeringa

Sverige har fleire gonger gjort det tydeleg at dei meiner Tyrkias krav bygger på misforståingar og feil informasjon, men dei ønskjer ikkje å kommentere publiseringa av den nye lista.

– Det går føre seg ei rekkje diplomatiske anstrengingar. Me avstår frå å kommentere dette noko meir, seier utanriksminister Linde til Aftonbladet.

Linde skreiv i ei melding på Twitter i førre veke at Sverige var tidleg ute med å føre PKK opp på si terrorliste, og at dei framleis held fast på dette synet.

Laster Twitter-innhold

Einige om å vere ueinige

Sverige og Tyrkia har dei siste dagane vore i samtaler, men desse har ikkje ført til noko løysing.

Sjefsrådgjevar for Tyrkias president, Ilnur Cevik, sa til SVT på søndag at dei to delegasjonane så langt berre har blitt «einige om at dei er ueinige». Han la til at det var opp til Sverige å få til ei endring.

Les også NRK Svarer: Kan Sverige og Finland bli med i Nato hvis Tyrkia sier nei?

VELKOMMEN INN? Sverige og Finlands flagg sammen med Nato-flagg på scenen i Brussel før landenes Nato-ambassadører leverte sine Nato-søknader.

Tyrkias president har tidlegare omtalt Skandinavia som eit «gjestehus for terroristar», og han meiner at Sverige støttar væpna kurdiske grupper.

Om Sverige og Finland skal bli medlem av Nato, så må alle eksisterande Nato-land seie ja. Tyrkia er det Nato-landet som har vore mest kritisk til Finland og, spesielt, Sverige.

Det er altså den kurdiske gruppa PKK som er grunnen til at Tyrkia er spesielt kritiske til Sverige. Tyrkia har vore i krig mot PKK, og er også i væpna kampar med dei no.

Tyrkia seier gruppa står bak terror i Tyrkia. Dei vil difor ha utlevert fleire svenskar som dei meiner har tette band til PKK. Dette har ikkje vore aktuelt for Sverige.

Les også Hva vil Erdoğan nå?

paOr2KWkvLo

SISTE NYTT

Siste nytt