Dokumentarserien «Muldvarpen – Nord-Korea avslørt» har vakt reaksjonar etter publiseringa søndag. Serien blei vist samtidig i Noreg, Sverige, Danmark og Storbritannia.
Serien baserer seg på skjulte opptak danske Ulrich Larsen gjorde. I over ti år infiltrerte han venneforeininga for Nord-Korea, og hadde møte med representantar for regimet ulike stader i verda.
Dokumentaren avslører blant anna at Nord-Korea er villige til å selje avanserte våpen til privatpersonar.
Regimet samarbeider med finansfolk for å omgå dei strenge sanksjonane mot landet. Nordkoreanske ambassadar blir brukt for å støtte denne verksemda.
Sverige og Danmark uroa
I ei felles utsegn skriv utanriksministrane i Sverige og Danmark, Ann Linde og Jeppe Kofod, at dei er uroa over dei avsløringane.
Dei meiner dokumentaren reiser mange spørsmål rundt handhevinga av sanksjonane mot Nord-Korea.
Tryggingsrådet i FN har vedteke sanksjonane mot Nord-Korea, som svar på atom- og rakettprogrammet til landet.
Det har vore fleire rapportar om brot på desse sanksjonane, og svensk og dansk UD meiner dokumentarserien støttar opp under desse rapportane.
Sverige og Danmark skriv at dei vil ta saka vidare til FN og EU.
Også norsk UD skriv i ein e-post til NRK at dei er uroa over det som kjem fram i dokumentarserien.
Dei peikar på at sanksjonane som er vedteke av Tryggingsrådet i FN er folkerettsleg bindande, og at det er viktig at alle land følger opp og bidreg til at dei blir følgde.
Avviser påstandar
Den britiske forskaren Hugh Griffiths leia i perioden serien tek føre seg ei spesialgruppe som skulle passe på at FN-sanksjonane blei følgde. Han meiner dokumentaren er særs truverdig.
– Det mest skremmande filmen viser, er at Nord-Korea no er så desperate at dei er villige til å selje våpen til nesten kven som helst. Det er ekstra skremmande fordi landet har enorme mengder kjemiske våpen, og også har eit atomvåpenprogram, seier han.
- Les:
- Les:
Også Ola Kaldager, som tidlegare leia den hemmelege avdelinga E14 i den norske etterretningstenesta, er imponert over det dokumentarfilmskaparane har fått til.
– Dersom Nord-Korea hadde forstått kva dei heldt på med, ville dei ha blitt drepne. No vil publiseringa fungere som ei livsforsikring for dei.
NRK har bede om kommentarar frå Nord-Korea på påstandane som kjem fram i dokumentaren, men dei har avslått å stille til intervju.
Leiaren for venneforeininga og ein finansmann som deltek i dokumentaren, avviser påstandane i serien, og seier dokumentaren er manipulert.