Hopp til innhold

Aung San Suu Kyi måtte bryte av pressekonferanse i Bern

Aung San Suu Kyi måtte i kveld bryte av ein pressekonferanse i den sveitsiske hovudstaden Bern fordi ho var totalt utmatta.

Innslag frå pressekonferanse til Aung San Suu Kyi.

VIDEO: Aung San Suu Kyi måtte bryte av pressekonferanse

– Eg er fullstendig utsliten etter den lange reisa. Eg er ikkje van med tidsskilnaden, sa ho til dei frammøtte journalistane etter samtalar med den sveitsiske utanriksministeren Didier Burkhalter.

– Manglande praksis

Ho la til at ho ikkje visste om det kome av manglande praksis med tidsskilnad (ho har vore 18 år i husarrest), eller om det hadde noko med alderen å gjere. Aung San Suu Kyi er no 66 år gammal.

Etter rundt eit kvarter måtte ho avbryte pressekonferansen fordi ho kjende seg uvel.

Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi måtte bryte av ein pressekonferanse i Bern i Sveits i kveld.

Foto: POOL / Reuters

Aung San Suu Kyi kom til Sveits i torsdag føremiddag, etter ei lang flyreise frå heimlandet Myanmar.

Fredag skal ho etter planen reise vidare til Noreg, der ho blant anna skal halde sitt fredsprisforedrag, 21 år etter at ho vart tildelt Nobels fredspris.

Måtte avlyse middag

Seinare på kvelden deltok Aung San Suu Kyi på eit lite cocktailselskap hos president Evelyn Widmer-Schlumpf, men ho avlyste den formelle middagen med den sveitsiske regjeringa og presidenten.

Ein talsmann for det sveitsiske utanriksdepartementet, Jean-Marc Crevosier, seier til nyheitsbyrået Reuters at Suu Kyi er trøytt, og at ho har reist tilbake til hotellet sitt.

Aung San Suu Kyi innleidde i dag den første Europa-reisa si på 24 år. I føremiddag heldt ho ein tale på ein konferanse i FNs arbeidsorganisasjon ILO i Genève.

Etter vitjinga i Noreg i helga reiser fredsprisvinnaren frå 1991 vidare til Irland, Storbritannia og Frankrike.

LES OGSÅ: Bono kommer for å møte Suu Kyi

LES OGSÅ: Buddhistmunker valfarter til Suu Kyis tidligere hus

LES OGSÅ: Aung San Suu Kyi på plass i Sveits

LES OGSÅ: Aung San Suu Kyi på plass i Sveits

SISTE NYTT

Siste nytt