NRK Meny
Normal

Strauss-Kahn i retten tiltalt for hallikverksemd

Privatlivet blir bretta ut i detalj når rettssaka mot Dominique Strauss-Kahn startar i dag. Den tidlegare IMF-direktøren og politikaren er tiltalt for omfattande hallikverksemd.

Dominique Strauss-Kahn

Dominique Strauss-Kahn kan få inntil 10 års fengsel for grov hallikverksemd.

Foto: Christophe Ena / Ap

Han var finansminister og næringsminister – og kunne blitt president i Frankrike. Han var direktør i Det internasjonale pengefondet (IMF). Men det var før sexskandalane.

Den første store skandalen kom i mai 2011. Dominique Strauss-Kahn (65) blei arrestert på eit fly på veg frå New York. Ein tilsett på eit hotell skulda han for seksuelle overgrep.

Saka blei lagt bort, men det blei forlik mellom partane etter at kvinna hadde gått til sivilt søksmål. Strauss-Kahn måtte gå av som IMF-direktør som følgje av skandalen.

Grov hallikverksemd

I 2012 blei han skulda for å stå i sentrum av ein prostitusjonsring. Det er den saka som skal for retten i dag. Denne saka er langt meir omfattande. Saka blir kalla L'affaire du Carlton etter hotellet som skal ha stått i sentrum for eit omfattande prostitusjonsnettverk.

Strauss-Kahn og 13 andre er tiltalt for «grov hallikverksemd i ei organisert gruppe». Fleire vitne har fortalt om gigantiske sexfestar med Strauss-Kahn som hovudperson.

– Eg blei rekna som ein VIP, og presentert som ei gåve til politikarar og toppsjefar i ulike selskap, fortel 41 år gamle Carole til nyheitsbyrået AFP. Ho er tidlegare prostituert, og arbeidde på sjampanjebarar og hotell i Belgia.

Privatlivet i detalj

Politiet skal ha funne spor etter verksemda i fleire bordell i Belgia. Etterforskinga har vist at Strauss-Kahn har delteke på slike festar også i Paris og i Washington.

Strauss-Kahn kan få inntil 10 års fengsel for hallikverksemda han er tiltalt for. Den tidlegare IMF-direktøren skal sjølv i vitneboksen frå 10. februar.

Medieinteressa er enorm, og truleg vil ei rekkje pikante detaljar komme for ein dag i løpet av rettssaka i Lille.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt