Hopp til innhold

Støre om Hamas: – Vi må seie kraftig ifrå

Oppblussinga av konflikten mellom Israel og Palestina held fram på tredje døgnet. Statsminister Jonas Gahr Støre seier han vil snakke med Hamas om nødvendig.

Jonas Gahr Støre

KRIG: Søndag erklærte israelske styresmakter offisielt krigstilstand i

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

– Vi har gjennom mange år eit breitt kontaktnett og kan snakke med mange. I ein situasjon som dette er å snakke med begge partar ei moglegheit vi tek sikte på å bruke.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.

Også med Hamas?

– Om nødvendig. Det er ei rørsle som førar ein brutal angrepskrig. Det må vi seie kraftig ifrå om.

Israel seier at det har innført ein full blokade av Gaza. Det betyr ingen mat, straum eller bensin inn til Gaza.

Gazastripa har same storleik som Mjøsa på 365 kvadratkilometer. På Gazastripa bur det over 2 millionar innbyggarar.

Støre seier fullstendig blokkade på Gaza er ei opptrapping av situasjonen.

– Dei grufulle angrepa mot Israel veit vi utløyser ein slik reaksjon. Vår oppmoding er at partane respekterer grunnleggande krigsreglar, som å beskytte sivile:

– I ein situasjon der Israel er under denne typen angrep, har dei rett til å forsvare seg. Vi må legge vekt på at dei tek omsyn til sivile, seier Støre.

Les også Netanyahu: – Vi skal ta kraftig hevn

En av bygningene i Tel Aviv som ble truffet av raketter fra Gaza lørdag

Vil ikkje kalle Hamas ein terrororganisasjon

Både EU og USA kallar Hamas for ein terrororganisasjon. Det gjer ikkje Noreg. Støre seier at Noreg følger FN si liste over terrororganisasjonar.

Jonas Gahr Støre

Støre seier Noreg tek sikte på å snakke med begge partar i konflikten.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

– Eg trur det held i dag å kalle dette for ein organisasjon som no er ansvarleg for å ha utført terrorhandlingar.

Så du meiner dei ikkje er ein terrororganisasjon?

– Dei er ein organisasjon som gjer terror. Det endrar ikkje vår listeføring. Her er haldninga klar: Hamas er ansvarleg for terrorhandlingar og brot på krigsreglar.

KOAbTHXwiSo

I byen Tel Aviv laurdag kveld.

Foto: Reuters

– Hamas tenker ikkje på det palestinske folket

– Vi setter pris på støtta frå statsministeren og utanriksministeren i Noreg.

Det seier Israels ambassadør i Noreg, Avi Nir-Feldklein​.

Måndag uttala han seg for første gang om situasjonen. Han skilde tydleg mellom det palestinske folket og Hamas.

– Vi må huske på at Hamas ikkje tenker på det palestinske folket. Dei støtter Iran og deira interesser Midt-Austen. Israel kjem til å halde fram med å normalisering av forholdet med naboane våre:

– Vi kjem ikkje til å la Hamas og Iran ta kontroll over Midt-Austen igjen. Vi vil ikkje tillate det.

Israels ambassade i Parkveien i Oslo der alle er i streik.

Israels ambassade i Oslo. Her har det vore auka tryggleikstiltak sidan søndag.

Foto: Nadir Alam

I natt meldte Wall Street Journal at Iran var med på å planlegge Hamas sitt angrep på Israel. Leiarane i Iran sin revolusjonsgarde har arbeida saman med Hamas sidan august med å planlegge angrepet, seier kjeldene til avisa.

Amerikanske tenestemenn har sagt til CNN og at dei ikkje har funne tilstrekkelege haldepunkt for at dette stemmer.

Men Nir-Feldklein antydar at Iran kan vere innblanda.

– Israel vil har fredsfull sameksistens med det palestinske folket. Det Hamas no gjer gagnar ikkje det palestinske folket.

NRK Svarer: Spør oss om konflikten mellom Israel og Hamas

Tredje døgnet

Kampane mellom Hamas og Israel held fram på tredje døgnet etter at konflikten blussa opp igjen laurdag morgon.

Tala på drepne på begge sider aukar stadig. No skal 700 israelarar vere drepne og nesten 500 palestinarar. Fleire tusen er såra.

Les også Slik utførte Hamas sjokk-angrepet på Israel

Droner fra Hamas slipper granater på israelske observasjonstårn

I natt blei det meldt om 500 nye angrep mot Gaza og i Israel er det framleis kampar mellom Hamas og Israels militære.

SISTE NYTT

Siste nytt