NRK Meny
Normal

Storaksjon mot internasjonal eurosvindel-bande i Napoli

Politiet i Napoli slo i dag til mot ein falskmyntarliga som har fått tilnamnet «Den europeiske sentralbanken sin verste fiende». 56 personar er arresterte, og det er teke beslag i store mengder falske eurosetlar.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå politiet sin video av det store beslaget i Napoli.

– Dei vi har arrestert i dag er del av den såkalla «Napoli-gruppa», som står for produksjon og distribusjon av 90 prosent av alle falske eurosetlar i omløp, sa ein nøgd statsadvokat Giovanni Colangelo på ein pressekonferanse i dag. Han var ikkje i tvil om at denne gjengen var dei verste fiendane til Den europeiske sentralbanken.

Det vart teke beslag i over ein million kroner i falske setlar og myntar.

– 11 kriminelle gjengar

«Napoli-gruppa» består av 11 ulike kriminelle gjengar, der kvar gjeng har sin spesialitet i framstillinga og distribusjonen av falske pengesetlar, lotterilodd og frimerke, forklarte Colangelo.

Han seier ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA at banden er kjend av politiet over heile Europa

Videoen over, som det italienske politiet har sendt ut, viser store mengder både falske euro-setlar og lotterilodd, samt eit større trykkeri.

Dei har til og med produsert ein 300 euro-setel, som blant anna har vore i omløp i Tyskland. Det er heilt spesielt sidan 300 euro ikkje har ein eigen setel i den offisielle pengemarknaden.

Politimann framfor trykkerimaskin.

Ein politimann framfor maskinen som har trykt dei falske eurosetlane.

Foto: Carbinieri

Europa og Afrika

Politiet meiner at «Napoli-gruppa» samarbeider med organiserte kriminelle gjengar over heile Europa for å distribuere dei falske pengane. Landa som har vore mest ramma av dei falske pengane er Albania, Algerie, Bulgaria, Frankrike, Tyskland, Marokko, Romania, Senegal og Tunisia.

Politiet i Napoli har etterforska saka i over to år. Etterforskinga har blant anna slått fast at det er eit band mellom falskmyntarsaka til ei sak der ei seks år gammal jente på mystisk vis fall frå ein balkong og døydde i Napoli 24. juni i år.

Obduksjonen av seksåringen viste at jenta var utsett for omfattande seksuelle overgrep. Mora til jenta viser seg å ha vore involvert i aktiviteten til falskmyntarane i «Napoli-gruppa».

LES OGSÅ: Advarer mot falske eurosedler

LES OGSÅ: Én person er pågrepet etter bruk av falske penger

Ekspertise og kontaktnett

Etterforskarane har ikkje greidd å finne eit samband mellom falsmyntarligaen og den illgjetne napolitanske mafiagrupperinga Camorra. Likevel har antimafia-politiet (DIA) delteke i etterforskinga, fordi det er denne avdelinga i politiet som har ansvaret for etterforsking av falskmynteri.

Det er ifølgje etterforskarane stor sjanse for at «Napoli-gruppa» er involvert i produksjon og distribusjon av falske pengar også i andre delar av verda. Dei ser ikkje bort frå at dei gjennom sin ekspertise og sitt kontaktnett kan ha kontrollere denne typen kriminelle aktivitetar også internasjonalt.

LES OGSÅ: Kraftig økning av falske euro

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt