Hopp til innhold

Stoltenberg: - Donald Trump har heilt rett

Nato-sjef Jens Stoltenberg seier at Donald Trump og andre amerikanske leiarar har heilt rett i at europeiske land har brukt for lite pengar på forsvaret. Han ser fram til å samarbeide med den nyvalde amerikanske presidenten.

Nato-sjefen ser frem til å møte Donald Trump

VIDEO: Sjå intervjuet med Jens Stoltenberg.

Donald Trump har fleire gonger kritisert europeiske Nato-land for å betale for lite av utgiftene til Nato. Han meiner at USA har betalt altfor mykje, og han har også sagt at det ikkje sikkert at USA vil stille opp for europeiske land om ikkje Europa tek større ansvar for forsvarsutgiftene.

– Trump og andre amerikanske leiarar har over lang tid gitt uttrykk for at mange europeiske land investerer for lite i den felles tryggleiken vår. Og det har dei heilt rett i. Derfor er det bra at Europa no investerer meir i forsvar og såleis tek ansvar for felles tryggleik, seier Jens Stoltenberg til NRK.

Auke i forsvarsutgiftene

Nato-sjefen minner om at kutta i forsvarsutgiftene stansa opp samla sett i 2015, og at det har vore ein markert auke i forsvarsutgiftene i europeiske Nato-land i 2016.

– Dette er ein prosess som alt er i gang. Men eit sterkare europeisk forsvar er ikkje eit alternativ til Nato, men det vil bidra til å styrkje Nato samla, og også det transatlantiske forsvarssamarbeidet, seier Stoltenberg.

Nato-sjefen seier han ser fram til å møte Donald Trump når han overtek som president i løpet av januar neste år. Han veit ikkje kor fort det kan skje, men det blir i alle fall under det komande Nato-toppmøtet i 2016.

– Garantist for eit sterkt Nato

– Eg ser fram til å samarbeide med Trump. Nato er ein allianse av 28 demokrati. Det er veljarane som avgjer, og det er viktig at demokratiske prosessar blir respekterte. USAs president er alltid velkomen i Nato. Eg reknar med at USA også i framtida blir ein garantist for eit sterkt Nato, seier Stoltenberg.

Redaktøren for nettstaden aldrimer.no, Kjetil Stormark, fryktar at med Trump i presidentstolen i Det kvite hus, så kan det gi eit sterkare Russland .

Dette har Trump sagt han skal gjøre som president

Dette er uttalelsene Norge kan få trøbbel for

Kinas Xinhua: – Trump. Det er dette dere får med demokratiet

SISTE NYTT

Siste nytt