Hopp til innhold

Stein og brannbomber i fotball-krig

11 politifolk er skadde av rasande egyptarar som prøvde å storme den algeriske ambassaden i Kairo.

Det vart kasta brannbomber mot den algeriske ambassaden i Cairo.

Det vart kasta brannbomber mot den algeriske ambassaden i Cairo.

Foto: Tarek Mostafa / Scanpix/Reuters

Forholdet mellom dei to arabiske nabolanda er raudglødande etter VM-kvalifiseringskampane nyleg, som enda med at Algerie kvalifiserte seg til VM i fotball Sør-Afrika neste år.

Og storebror Egypt må bli heime, til stor sorg for dei mange fotballtilhengjarane i landet.

Uroa i Kairo starta i går kveld i ei gate som leier til ambassaden, der opprørspoliti hadde store problem med å halde folkemengda tilbake.

Etter ein roleg periode seint i natt samla det seg nytt demonstrantar utanfor ambassaden i føremiddag.

LES OGSÅ: Til VM etter drømmetreff

LES OGSÅ: Steinet ved ankomst

LES OGSÅ: Diplomatisk krøll etter fotballbråk

Brende algeriske flagg

Demonstrantane kravde at Algeries ambassadør må utvisast frå Egypt.

Demonstrantane kravde at Algeries ambassadør må utvisast frå Egypt.

Foto: Asmaa Waguih / Scanpix/Reuters

Dei rundt 2000 demonstrantane skreik slagord mot Algerie og brende algeriske flagg, samstundes som dei song den egyptiske nasjonalsongen, melder nyheitsbyrået AFP.

Rasande demonstrantar kasta steinar og brannbomber mot ambassadebygningen. 15 bilar vart sette i brann, blant dei minst to politibilar, og det vart gjort ein del skade på bygningane rundt.

- Vi burde behandle Algerie på same måten som vi behandlar land som har erklært krig mot oss, seier studenten Amr Higazi, som ber ein plakat med krav om at den algeriske ambassadøren til Egypt skal utvisast.

Demonstrantar i harnisk

Demonstrantane var i harnisk etter meldingar om angrep på egyptiske fotballtilhengjarar i Khartoum i Sudan onsdag, etter den avgjerande kampen mellom Algerie og Egypt.

Dei anti-algeriske demonstrasjonane vart valdelege.

Fotball-bråket mellom Egypt og Algerie blir stadig verre.

Foto: Ahmed Abdel Mageed / Scanpix/AFP

21 egyptarar vart såra i dette angrepet. Dei egyptiske tilhengjarane var på veg til flyplassen då ei folkemengde gjekk til angrep på bussen deira.

Den avgjerande kampen mellom dei to landa vart spelt på nøytral grunn i Khartoum, og Algerie vann 1-0.

Egypt kalla tilbake ambassadøren sin til Algerie for konsultasjonar etter angrepet. Det var andre gong han vart kalla heim i løpet av mindre enn ei veke.

Sende heim egyptarar

Før den første kampen mellom Egypt og Algerie i Kairo vart bussen til det algeriske landslaget steina av rasande egyptarar på veg frå flyplassen til fotballarenaen. Dette førte igjen til opptøyar i Alger, der 15 kontor tilhøyrande egyptiske selskap vart angripne.

Dette gjorde at det egyptiske teleselskapet Orascom sende heim 25 egyptiske tilsette og familiane deira.

11 politifolk er såra i uroa utanfor den algeriske ambassaden i Cairo.

11 politifolk er såra i uroa utanfor den algeriske ambassaden i Kairo.

Foto: Scanpix/AP

LES OGSÅ: Ordkrig før avgjørende kamp

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.