Hopp til innhold

Sri Lanka nektar å ta imot FN

Styresmaktene på Sri Lanka varslar at dei vil nekte tre FN-utsendingar tilgjenge til landet.

Srilankiske styrker i Sampur-området

Srilankiske soldatar blir skulda for å ha teke livet av sivile under borgarkrigen.

Foto: , GEMUNU AMARASINGHE

Dei tre er med i ei gruppe som skal etterforske moglege brot på menneske-rettane under den siste delen av borgarkrigen på Sri Lanka.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon

FNs generalsekretær Ban Ki-moon har sett ned ein granskingskommisjon for Sri Lanka.

Foto: David Goldman / Scanpix/AFP

Den srilankiske regjeringa har blitt skulda for drap på fleire tusen sivile i kampen mot LTTE-geriljaen.

Sri Lanka avviser skuldingane, og seier at granskinga er eit forsøk på å vekkje den tamilske geriljaorganisasjonen til live igjen.

- Vi vil ikkje gi desse granskarane visa. Vi vil ikkje tillate at dei kjem inn i landet, seier utanriksminister Gamini Lakshman Peiris.

Det var tysdag denne veka at FNs generalsekretær BanKi-moon sette ned ei gruppe som skal granske det som skjedde under borgarkrigen.

Utanriksministeren meiner det ikkje er naudsynt med ein FN-gransking, og at den srilankiske regjeringa bør få ein sjanse til å granske skuldingane sjølv.

FN-kommisjonen vart sett ned etter sterkt internasjonalt press, etter at fleire tamilske vitne fortalde at sivile vart drepne. Dei fortalde også at geriljasoldatar vart drepne etter at dei hadde overgitt seg.

LES OGSÅ: Sri Lanka fordømmer FN-gransking

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Ny statsminister på Sri Lanka

LES OGSÅ: Utsetter rettssaken til Fonseka

SISTE NYTT

Siste nytt