Hopp til innhold

Solberg: – USA framleis vår viktigaste allierte

Statsminister Erna Solberg (H) gratulerer Donald Trump med valsigeren, og ho forsikrar om at USA framleis blir Noreg sin viktigaste allierte også under hans styre.

Statsminister Erna Solberg holder en pressekonferanse om valget i USA

VIDEO: Erna Solberg om presidentvalet i USA

– Det amerikanske folket har valt, og Donald Trump blir ny president. Eg nyttar høvet til å gratulerer han med valsigeren. Dette er eit val som har engasjert heile verda, og eg er glad for at han har varsla eit breitt samarbeid, sa Solberg blant anna.

Ho gjorde det også klart at USA og Noreg har felles interesser og felles verdiar, og at USA er viktig for norsk økonomi, arbeidsplassar og tryggleik. Ho sa også at ho var overraska over valresultatet, og at det er tydeleg at dei tradisjonelle meiningsmålingane ikkje har greidd å fange opp trendane i det amerikanske samfunnet.

– Tydeleg på norske interesser

– Vi har samarbeidd godt med USA, og vi skal vere tydelege på dei norske interessene i dette samarbeidet. Vi treng eit USA med leiarskap, og vi må byggje vidare på samarbeidet mellom Europa og USA, sa Solberg blant anna.

Ho gjorde det klart at samarbeidet mellom USA og Europa er sjølve berebjelken i norsk tryggingspolitikk.

– Det er i USAs interesse å halde oppe det gode samarbeidet med Nato, sa ho blant anna.

Ho sa også at det vart brukt mange sterke ord i valkampen, og ho uttrykte glede over at Trump i sigerstalen inviterte til eit breitt samarbeid.

Statsministeren fortalde at Noreg har mange gode kontaktar i den nye Kongressen, og at regjeringa vil arbeide for å skape gode band og leggje til rette for gode løysingar.

– Grunnlag for kritikk

På pressekonferansen fekk Solberg spørsmål om framferda til Trump i valkampen.

– Det har vore fråsegner eg absolutt ikkje er samd i. Det har vore grunnlag for å vere kritisk, men no har han sagt at han er oppteken av å vere president for alle og byggje bru. Då skal vi ta han på ordet på det, svarte ho.

På spørsmål om kva sider ved politikken til Trump som uroar henne mest, gjorde ho det klart at ho ikkje vil gi slike kommentarar.

– No skal først og fremst fokusere på det som er dei norske interessene, sa statsminister Erna Solberg.

– Lite konkret

Solberg har tidlegare sagt at den amerikanske valkampen har vore stygg, og ikkje noko eksempel å følgje. Ho har også sagt at ho er overraska over kor lite valkampen har handla om den konkrete politikken veljarane kan vente seg.

– Det har vore ein valkampen prega av symbol, kjensler og personangrep. Det har vore lite opplysande for veljarane, sa ho i går.

Trump: Vi skylder Hillary vår takknemlighet

– Større konsekvenser enn ved Brexit

SISTE NYTT

Siste nytt