Hopp til innhold

Politifolk såra i skytinga utanfor regjeringsbygning i Roma

To politifolk er såra etter skyting ved Statsministerens kontor i den italienske hovudstaden Roma. Gjerningsmannen er arrestert.

To politimenn vart såra i skytinga utanfor statsministerens kontor i Roma.

To politimenn vart såra i skytinga utanfor statsministerens kontor i Roma.

Eit vitne fortel at det vart avfyrt minst åtte skot, og ei tilfeldig forbipasserande kvinne skal også ha bliltt såra. Det same gjeld mannen som skaut. Skytinga skjedde samstundes med at den nye regjeringa til Enrico Letta vart teken i eid.

Mistenkt skytter pågrepet i Italia

Her blir den mistenkte angriperen i Roma lagt i bakken.

Foto: GBAPTN

Dette skjedde i presidentpalasset, så statsministeren var ikkje til stades på kontoret. Presidentpalasset ligg rundt ein kilometer frå regjeringskontora der skytinga skjedde.

Gjerningsmann i slips og dress

Politiet opplyser at mannen som skaut mot politimennene no er arrestert.

Den eine politimannen fikk alvorlege skadar i halsen. Den andre ble skoten i beinet, melder TV-stasjonen Rai. Ei tilfeldig forbipasserande kvinne blei også såra, i tillegg til gjerningsmannen sjølv, ifølgje nyhetsbyrået ANSA.

Ingen skal vera livstrugande skadde.

Det er uklart kva som var motivet til mannen som skaut, og om han hadde medhjelparar. Det italienske nyheitsbyrået ANSA melder at mannen var kledd i dress og slips.

La Repubblica melder at gjerningsmannen var i psykisk ubalanse, og at det ikkje var noko politisk motiv for skytinga.

Gjerningsmannen skal sjølv ha hevda at han «ønskte å drepa politikarar», ifølgje påtalemakta.

– Verket til ein gal mann

Skytinga ved regjeringskontora gjorde alle journalistane som var til stades under innsetjinga av den nye regjeringa, storma ut av presidentpalasset for å finne ut kva som skjedde ved regjeringsbygningane.

Innanriksminister Angelino Alfano seier at skytinga i føremiddag verkar å vere ei isolert hending, og at gjerningsmannen var ein frustrert arbeidsledig 49 år gamal mann.

Borgarmeisteren i Roma, Gianni Alemanno, seier i ein kommentar at skyteepisoden ikkje var ei terrorhandling, men at den kaotiske politiske situasjonen i landet ikkje har gjort faren mindre for slike handlingar.

– Dette er verket til ein gal mann, ein psykisk forstyrra mann, la Alemanno til.

Italienske medium melder at det er innført alarmberedskap i sentrum av Roma. Det samla seg mykje folk i området, og politiet prøver å spreie menneskemengda.

Dei frykta at attentatmannen ikkje var åleine om angrepet, og at ein medhjelpar kunne prøve å skjule seg i menneskemengda.

Skyting ved regjeringsbygg i Roma

Mannen som skaut mot politifolka utanfor regjeringsbygningen i Roma vart raskt arrestert.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt