Hopp til innhold

Skriblar på presidenten etter at tre jenter vart arresterte

I Burundi er tre jenter arresterte etter at dei teikna på bilete av president Pierre Nkurunziza. Med bilete og skribling tek mange til motmæle på Twitter.

Twitter-Skribling på Nkurunziza

På Twitter har fleire brukarar teke for seg bilete av Burundis president Pierre Nkurunziza, i protest mot at tre jenter er arresterte for å ha skribla på eit bilete av presidenten i skulebøkene sine.

Foto: Skjermdumper fra Twitter

OPPDATERT, 28. MARS, 10.30: Denne artikkelen vart publisert før det vart kjent at jentene vart sette fri onsdag, 27. mars. Det seier Human Right Watch til CNN onsdag kveld. Dette skjedde etter at justisminister i Burundi, Aimée Laurentine Kanyana, sa til statleg burundisk TV at jentene skulle sleppast fri.

Under emneknaggen #FreeOurGirls har mange Twitter-brukarar delt bilete av Burundis president, der dei har skribla og teikna oppå eit bilete av presidenten. Forklaringa er enkel: Tre jenter er fengsla og sikta for å fornærme landets leiar. Tre andre jenter vart også arresterte, men sette fri igjen etter kort tid.

Risikerer fem år fengsel

Det kan høyrast ut som ein spøk, men for jentene er det ingen spøk. Dei risikerer fem år i fengsel. Organisasjonen Human Right Watch har reagert sterkt på nyheita.

– Med så mange menneskerettsbrot som vert gjort i Burundi er det tragisk at barn er dei som blir rettsforfølgde for uskyldig skribling, skriv organisasjonens leiar for avdelinga for Sentral-Afrika

Pierre Nkurunziza

Slik ser han ut utan skribling. Pierre Nkurunziza og hans regime får mykje kritikk for å vere autoritære.

Foto: Evrard Ngendakumana / REUTERS/NTB Scanpix

Ein av dei arresterte jentene sin far seier til Human Right Watch at dei er for redde til å ete. Organisasjonen krev at jentene vert sett fri frå fengsel. Dei viser også til ei liknande sak frå 2016 då åtte andre skuleelevar vart arresterte for skribling på bilete av presidenten.

Laster Twitter-innhold

Får mykje kritikk for menneskerettsbrot

Regimet i landet vert stadig skulda for å slå hardt ned på all form for regimekritikk og blir også skulda for mange brot på menneskerettane.

Det vart særs uroleg i landet i 2015 då president Pierre Nkurunziza eigentleg skulle gå av etter ti år ved makta. Han tolka grunnlova annleis, og meinte han kunne sitte ein presidentperiode til. Protestane var store, og rundt 400 vart drepne, men presidenten fekk det som han ville.

Burundi demonstranter

Burundiarar som bur i Canada og USA har protestert mot regimet i heimlandet. Her frå ein demonstrasjon utanfor FNs hovudkvarter i New York.

Foto: Bebeto Matthews / Ap/NTB Scanpix

I fjor vart grunnlova i landet endra, slik at Nkurunziza kan sitte til 2034, men kort tid etterpå hevda han at han likevel planlegg å tre av i 2020.

Etter bråket rundt valet i 2015 har landet fått stadig kritikk av mellom anna FN som har publisert fleire kritiske rapportar om regimet i Burundi. Responsen på rapportane har mellom anna blitt at Burundi har stengt kontora til FNs menneskerettsråd og FNs høgkommisær for menneskerettar, og har også kasta fleire FN-tilsette ut av landet.

Styresmaktene jobba også lenge med å få FN til å avslutte FN-operasjonen som vart oppretta på 90-talet, då Burundi opplevde eit folkemord som har mange fellestrekk med det meir kjente folkemordet i nabolandet Rwanda.

Burundi har også meldt seg ut av Den internasjonale straffedomstolen, og innført strengare lovar for bistandsorganisasjonar som held til i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt