NRK Meny
Urix forklarer

Burundis gjengrodde etniske sår kan snart starte å svi på ny

Hutuar og tutsiar. Leiarar med valdeleg retorikk. Eit land med ein blodig historie. Det er ikkje Rwanda det er snakk om, det er nabolandet Burundi. Og no fryktar FN eit nytt folkemord i Sentral-Afrika.

To personar drepne i Bujumbura

To personar er drepne i nabolaget Mutakura i Burundis hovudstad Bujumbura. Lika vart funne 2. juli. Natta før hadde minst seks personar blitt drepne. Sidan uroa starta tidlegare i år er over 250 personar drepne i politisk uro i Burundi.

Foto: Marco L / AFP

Det vesle landet i midten av det afrikanske kontinent har ei blodig historie. Då dei belgiske koloniherrane kom til landet så rota dei til eit fredfullt samfunn der tutsiar og hutuar levde saman i meir eller mindre fred.

Men belgiarane favoriserte tutsiane, som er minoriteten, og det skulle fleire tiår seinare få alvorlege følge i form av ein borgarkrig med etniske skillelinjer.

Opptøyer i Burundi

Burundi står i flammer. Ein politisk konflikt står i fare for å bli ein etnisk konflikt. Det er dårleg nytt i eit land som Burundi, som har to blodige, etniske borgarkrigar bak seg.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Men dei etniske konfliktane i Burundi har alltid hamna i skuggen av det brutale, enorme og rystande folkemordet i nabolandet. No – derimot – er det Burundi som står i søkelyset til FN og det internasjonale samfunn. I gangane i FN-bygget vert det no snakka om nok eit potensielt folkemord i The Grate Lakes-regionen.

– Den tilbakevendande valden og drapa i Burundi må stanse.

Utsegna tilhøyrar Ban Ki-moon, FNs øvste sjef. Hakket under Ban Ki-moon på FNs rangstige finn ein undergeneralsekretær Jeffrey Feltman.

– De må pulverisere dei

Han har sett på alarmen. Feltman er uroa på grunn av Burundis manglande pressefridom, teikna på eit lovlaust samfunn, dei dødelege hemnangrepa og den urovekkande retorikken – som kan minne om retorikken i Rwanda i 1994.

– De må pulverisere dei. De må utrydde dei – desse folka er ikkje godt for anna enn å døy. Eg gjer dykk denne ordren. Gå!

Orda kjem ikkje frå ein opprørsleiar eller ein annan kriminell. Orda kjem frå presidenten i Burundis senat, Reverien Ndikuriyo. Også president i Burundi, Pierre Nkurunziza, har uttalt seg om opprørarane i Burundi. Presidenten har truga dei væpna opprørarane. Om dei ikkje legg ned våpena, så vil dei bli peika ut som «fiendar av nasjonen».

BURUNDI-UNREST-POLITICS-FUNERAL

Slutt å drepe ditt eige folk. Me er leie av ditt dårlege leiarskap, står det på plakatane som vert brukte i ein demonstrasjon mot Burundis president Pierre Nkurunziza.

Foto: LANDRY NSHIMIYE / Afp

I dag er konflikten i Burundi i stor grad ein politisk konflikt – opposisjon mot posisjon. Men dei som kjenner landets historie uroar seg, med god grunn, for at det er etniske skillelinjer – hutu mot tutsi – som snart kan prege konflikten.

Og kritikarane meiner at retorikken som no blir brukt er urovekkande, at det fører til at folk i Burundi startar å tenkje at no er det «oss» mot «dei». Og ein slik tankegang er bokstaveleg talt livsfarleg i eit land kor det dei siste 50 åra har vore nettopp «oss mot dei». «Hutu mot tutsi».

Drap på begge sider

Men den krasse, nærast krigerske retorikken, kjem vel ikkje utan grunn? Nei. Opprørarane har skapt ubalanse i Burundi. Grupper med væpna menn har tatt kontrollen over nabolaga der dei bur. Dei seier at dei forsvarer seg mot landets regime og tryggingsstyrkar.

Dei er opposisjonelle og kritiske til regimet i Burundi. Også er dei misnøgde med at president Pierre Nkurunziza stilte til val for ein tredje periode tidlegare i år. Nkurunzizas valdeltaking var særs omstridd, og førte til både utstrekt vald og eit forsøk på statskupp i Burundi.

BURUNDI-UNREST/ Armed vigilantes lay on the ground with their rifles as they patrol in the center of Bujumbura, Burundi

Væpna borgarvernsgrupper beskytter sine nabolag. Dei seier at dei beskytter seg mot overgrep frå styresmaktene som vert skulda for å drepe sine politiske motstandarar.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Men kuppet vart mislukka, valet vart gjennomført, og Nkurunziza vann valet – mest på grunn av at opposisjonen boikotta heile valet.

Men motstanden mot landets styresmakter og presidenten haldt fram.

Tortur, drap, og ein president som ikkje blir respektert

Burundi har i tida etter valet forsøkt å stanse motstandarane med stadig meir autoritære middel. Til BBC fortel vitne om reine torturhandlingar som er utførte av landets politi. Fleire sentrale opposisjonsmedlem er drepne, mellom anna son til ein menneskerettsforkjempar, og før valet vart leiaren av eit opposisjonsparti drepen.

BURUNDI UNREST UN

Welly Nzitonda er son til ein menneskerettsforkjempar, og vart drepen tidlegare i år. Han er ein av fleire opposisjonelle som har måtte bøte med livet.

Foto: LANDRY NSHIMIYE / Afp

Opprørarane har også blod på hendene. Sentrale medlem av landets maktapparat er drepne, og grupper får herje i eit meir eller mindre lovlaust samfunn.

Så det er ikkje utan grunn at styresmaktene oppmodar til å legge ned våpena, og nærast truer folk til å slutte fred. Problemet er berre at Burundi no vert styrt av ein president som ein heil opposisjon ikkje respekterer som leiar. Dei meiner han aldri skulle kunne stille til val.

Og så lenge styresmaktene og presidenten ikkje vil høyre på opposisjonen, så vil valden i Burundi halde fram. Det må ei politisk løysing til, men no er det våpena – og ikkje orda – som regjerer i Burundi.

Den afrikanske union tek tak når FN er lamma

I FN har Tryggingsrådet til no vore lamma, fordi Kina ikkje ønskjer å blande seg inn i konfliktar dei meiner er interne i ein stat. Men også her er ting på gli, for i eit fråsegn tidlegare i november var det eit samla Tryggingsråd som uttrykka uro for utviklinga.

Og fleire av verdas stormakter stiller seg no bak Den afrikanske union sin fredsinnsats i Burundi. Unionen har sendt observatørar og militære ekspertar til Burundi, og dei skal også sjå om det er mogleg med ei eigen AU-styrke til landet.

Og landa som er medlem i East African Community, med Ugandas president Yoweri Museveni i spissen, har nærast fått i oppdrag å halde fram diplomatiet slik dei også gjorde under uroa framfor valet i sommar.

Om ikkje folk og leiarar i Burundi klarer å stanse valden, så kan det heile føre til ein etnisk konflikt. 15 år med forsoningsarbeid vil då gå i vasken. Og gamle sår, som så vidt har fått tid til å lege, vil raskt og brutalt bli nye opne sår i Burundis nyare historie.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt