Hopp til innhold

Over 100 blei drepne i matkø

Over hundre skal vere drepne då dei venta på å få utdelt mat i Gaza. FN-sjefen fordømmer hendinga, og USA seier dei følg nøye med på Israel si etterforsking av hendinga.

I ei tidlegare utgåve av denne saka siterte NRK nyheitsbryået Reuters på at USAs forsvarsminister hadde sagt at 25.000 palestinske kvinner og barn var drepne i Gaza. Pentagon kom seinere med ei presisering, der dei sa at ministeren viste til tal frå helsestyresmaktene i Gaza, ikkje USA si eiga etteretning.

Fleire stod i kø for å få hjelp ved ein lastebil i Gaza by torsdag, melder AFP. Ifølge Al Jazeera venta dei på å få utdelt mat.

Først melde helsestyremaktene på Gaza at 104 personar var drepne i matkøen. I ei oppdatering torsdag kveld seier dei at ytterlegare åtte personar blei bekrefta døde då dei kom til al-Shifa sjukehuset. Talet på drepne er nå altså 112 personar, ifølge myndigheita.

Over 100 palestinere skal være drept og flere hundre skadet etter at de ventet på nødhjelp i Gaza.

Over 100 palestinere skal være drept og flere hundre skadet etter at de ventet på nødhjelp i Gaza.

Minst 760 skal vera såra, ifølgje helsestyremaktene. Av dei er fleire kvinner og born, stadfestar Amjad Aliwa, som er tilsett ved al-Shifa sjukehuset.

Sikkerheitsrådet i FN har kalla inn til eit lukka møte i kveld for å snakka om hendinga, melder nyheitsbyrået AFP.

FNs generalsekretær António Guterres fordømmer hendinga, seier ein talsperson i FN til pressa torsdag kveld.

Tyrkias utanriksdepartement kallar hendinga ei «forbrytelse mot menneskeheita», og seier det er bevis på at Israel bevisst forsøker å øydelegge det palestinske folket, melder AFP.

EDITORS NOTE: Graphic content / Palestinians mourn near a body at Kamal Edwan Hospital in Beit Lahia, in the northern Gaza Strip, on February 29, 2024, after Israeli soldiers allegedly opened fire at Gaza residents who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid amid ongoing battles between Israel and the militant Hamas group. A Gaza emergency doctor said on February 29 that Israeli forces shot dead at least 50 people who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid for Gaza City residents. The Israeli army said it was "checking" the reports on the incident, while the United Nations' humanitarian office OCHA said it was "familiar with the reports". (Photo by AFP)

Fleire sørger over ein av dei drepne etter dei israelske åtaka torsdag.

Foto: - / AFP

Det amerikanske utanriksdepartementet vil pressa på Israel for å få svar på kva som har skjedd, sa talsperson for departementet Matthew Miller torsdag kveld.

– Me har vore i kontakt med den israelske regjeringa sidan tidleg i dag tidleg, og forstår det slik at ei etterforsking er på veg. Me vil overvåka den etterforskinga nøye og pressa på for svar, sa Miller.

Han seier at departementet også vil fortsetta å gjera det klart for Israel at dei må gjera alt dei kan for å sikra at meir nødhjelp kjem inn til Gaza.

Ulike forklaringar

Det er forskjellige forklaringar på akkurat kva som har skjedd.

Avi Hyman, talsperson frå dei israelske styresmaktene, seier at palestinarane overvelda lastebilane med naudhjelp og at sjåførane deretter køyrde inn i og på folkemassen. Ifølge Hyman skal eit titals personar ha blitt drepne. Han kalla hendinga ei tragedie.

Samtidig skal kjelder i det israelske forsvaret (IDF) ha stadfesta at dei begynte å skyta mot folk som stod ved lastebilane då dei kjende seg truga, skriv nyheitsbyrået Reuters og den britiske kringkastaren BBC.

OPSHOT - Palestinians receive medical care at Kamal Edwan Hospital in Beit Lahia, in the northern Gaza Strip, on February 29, 2024, after Israeli soldiers allegedly opened fire at Gaza residents who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid amid ongoing battles between Israel and the militant Hamas group. A Gaza emergency doctor said on February 29 that Israeli forces shot dead at least 50 people who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid for Gaza City residents. The Israeli army said it was "checking" the reports on the incident, while the United Nations' humanitarian office OCHA said it was "familiar with the reports". (Photo by AFP)

Palestinarar får medisinsk hjelp etter hendinga i Gaza by torsdag.

Foto: - / AFP

Ifølge IDF skaut dei varselskot i lufta og mot beina til folk som kom nære, skriv avisa Haaretz.

Al Jazeera skriv at både levande og døde blei køyrt over.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas fordømmer hendinga og kallar det ein «stygg massakre».

Forventer offentleg deling av funn

I ei pressemelding frå Utanriksdepartementet torsdag kveld, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) at han er opprørt over drapa på over 100 palestinarar som stod i matkø.

Han forventar ei etterforsking av hendinga og at funna blir delt med offentlegheita.

– Dette er nok eit døme på dei fullstendig uakseptable handlingane den palestinske befolkninga i Gaza er ofre for, seier Eide.

Han seier palestinske sivile står i ein desperat situasjon etter nesten fem månadar med krigshandlingar og alt for lite tilgang til livsnødvendige varer som mat og vatn.

Utanriksministeren gjentar Noregs krav om våpenkvile.

– Nå må Israel stansa angrepa som rammer sivilbefolkninga i Gaza, og dei må sikra at befolkninga får den nødhjelpa dei trenger, seier han.

 man lies on the floor as Palestinians receive medical care at Kamal Edwan Hospital in Beit Lahia, in the northern Gaza Strip, on February 29, 2024, after Israeli soldiers allegedly opened fire at Gaza residents who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid amid ongoing battles between Israel and the militant Hamas group. A Gaza emergency doctor said on February 29 that Israeli forces shot dead at least 50 people who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid for Gaza City residents. The Israeli army said it was "checking" the reports on the incident, while the United Nations' humanitarian office OCHA said it was "familiar with the reports". (Photo by AFP)

Ein mann ligg på bakken etter han blei såra under israelske åtak torsdag.

Foto: - / AFP

Kompliserer forhandlingar om våpenkvile

USAs forsvarsminister Lloyd Austin sa tidlegare i dag at Israel har drepe over 25.000 kvinner og barn sidan 7. oktober.

Seinare presisterte Pentagon at ministeren viste til tal frå helsestyresmaktene i Gaza, og ikkje eigne tal.

Forsvarsministeren sa også at Israel kan og burde gjera meir for å beskytta dei sivile, og fortalte at Israel har mottatt omtrent 21.000 presisjonsstyrte våpen.

Egypt, Qatar og USA samarbeidar for å få på plass ei våpenkvile mellom Hamas og Israel.

Torsdag kveld seier Det kvite hus at USAs president Joe Biden har diskutert dagens hending med landa, og at dei snakka om måter å sikra lauslatinga av Hamas-gislar og ei seks veker lang våpenkvile, melder Reuters.

President Biden travels to Texas

Den amerikanske presidenten Joe Biden svarte på spørsmål frå journalistar utanfor Det kvite hus i dag.

Foto: Tom Brenner / Reuters

Tidlegare denne veka sa Biden at han håpte på ei våpenkvila innan måndag neste veke.

På spørsmål om hendinga i dag ville komplisera forhandlingane om ei våpenkvile, svarte Biden:

– Eg veit at det vil det.

Han la til at den mellombelse våpenkvile neppe ville skje på måndag.

– Tull og tøys

Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, kom nyleg ut av Gaza og er sjokkert over hendinga.

Jan Egeland

Jan Egeland meiner det ikkje er hald i Israel si forklaring.

Foto: HOSHANG HASHIMI / AFP

– Dette er eit vendepunkt i den skitne krigen. Dette var desperate sivile som venta på ein av dei få konvoiane som hjelpeorganisasjonane har fått gjennom, seier Egeland til NRK.

– Dette må bli eit vendepunkt og byrjinga på våpenkvila vi så lenge har bedt om.

Han meiner at det ikkje er hald i forklaringa til Israel, og at vestleg allierte må ta ansvar saman med Israel.

– At tungt væpna soldatar med tanks kjenner seg truga av uvæpna, desperate, svoltne sivile er tull og tøys.

– Dette er fullt og heilt Israel og vestleg allierte sitt ansvar. Israel og USA må få ein slutt på dette, seier han.

Underernærte – seks born døydde

FN-sjefen for naudhjelp, Martin Giffiths, skriv på X at han er forferda av hendinga.

– Livet renner ut av Gaza i ein skremmande fart, skriv Griffiths.

Mangelen på mat og drikke er stor på Gazastripa no som følge av fleire månader med krig.

– Israel svelter befolkninga i Gaza med vilje, seier Michael Fakhri til The Guardian. Han arbeider i FN og rapporterer spesielt på retten til mat.

Seks barn ha mista livet etter å ha blitt underernærte og dehydrerte. Situasjonen er kritisk for fleire barn.

Palestinske barn i matkø i Rafah

Palestinske barn i Rafah ventar på mat. Dette er ikkje bilde av borna som er omtala i saka.

Foto: Ibraheem Abu Mustafa / Reuters

Alle desse barna skal ha opphalde seg på sjukehusa Kamal Adwan og al-Shifa.

Det melder dei Hamas-kontrollerte helsemyndigheitene på Gaza, ifølgje AFP.

Samstundes opplyser helsemyndigheitene at talet på døde på Gazastripa har auka til fleire enn 30.000.

Israel gjekk til motåtak på Gaza dagen etter at Hamas tok seg inn i Israel sjuande oktober. Då blei 1139 personar drepne.

Palestinere venter på nødhjelp utenfor Gaza by.

Palestinarar ventar på naudhjelp utanfor Gaza by.

Foto: Mahmoud Essa / AP

Store utfordringar

Minst ein halv million menneske står no i fare for hungersnaud på Gazastripa.

Eitt av seks barn i Nord-Gaza under to år er råka av akutt underernæring, ifølgje FN sitt naudhjelpskontor OCHA. .

Samstundes er det store utfordringar med å få inn hjelp.

Leiaren for USAID seier at Israel må opna fleire portar for naudhjelp og få ei dramatisk auke i livsviktig humanitær bistand.

– Det handlar om liv og død, seier Samantha Power.

– Me har alt for få lastebilar som kjem inn, seier utlandssjef i Redd Barna, Nora Ingdal, til NRK.

FILE PHOTO: Palestinians carry bags of flour they grabbed from an aid truck near an Israeli checkpoint in Gaza City

Palestinarar ber sekkar med mjøl som dei har henta frå lastebilane med naudhjelp.

Foto: STRINGER / Reuters

– Kaotisk situasjon

Ho forklarer at folk no er så desperate at det er umogleg å dela ut naudhjelp i ordna former.

Situasjonen er blitt lovlaus og kaotisk.

– Det er alles kamp mot alle. Folk kastar seg berre over hjelpen, seier Ingdal.

Ho fortel at sjølv om det no skulle koma inn mykje naudhjelp, så kjem mange barn likevel til å døy.

– Barn har svolte så lenge. Dei er så utslitne. Dei har så lite å gå på. Det er så lite motstandskraft igjen i desse barna, seier Ingdal.

Nora Ingdal er utenlandssjef i Redd Barna,

Utlandssjef i Redd Barna fortel at situasjonen i Gaza er så desperat at folk kastar seg over den vesle naudhjelpa som kjem inn.

Foto: Nora Lie/Redd Barna

Verdas matvareprogram seier at ingen humanitære organisasjonar har klart å levere mat i Nord-Gaza på meir enn ein månad, og hevdar at Israel nektar tilgang.

Nabolandet Jordan har koordinert levering av naudhjelp frå lufta over Sør-Gaza.

Forhandlar om våpenkvile

Naudhjelpsorganisasjonar melder at det ikkje er noko tid å miste, og at det må ei varig våpenkvile på plass slik at massiv naudhjelp kan koma inn.

– Grensene må opnast, ikkje berre til Rafah, men til heile Gaza, seier Ingdal.

Barn i en utbrent bil i Rafah på Gazastripen

Barn i ein utbrend bil i grensebyen Rafah.

Foto: - / AFP

Forhandlarar frå Egypt, Qatar og USA forsøker å forhandla fram ei våpenkvile mellom Hamas og Israel.

Utlevering av nokre israelske gislar mot at fleire hundre palestinske fangar blir lauslatne, skal vere ein del av forslaget.

Truleg er 99 av dei israelske gislane framleis i live på Gazastripa.

Israel går neppe med på Hamas sitt krav om å forlata Gaza. Ei avtale kan innebera at israelske styrker trekk seg ut frå byar og befolka område, melder AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.