Ein del kjelder seier at fleire menneske vart drepne i uroa, men dette er ikkje stadfesta av irakiske styresmakter. Det var fleire tusen demonstrantar som prøvde å kome seg inn i minst ein regjeringsbygning, melder Reuters.
Politiet brukte tåregass og skaut med skarp ammunisjon mot inntrengjarane.
– Har kontroll
Den såkalla grøne sona i Bagdad, som inneheld fleire regjeringsbygningar og mange utanlandske ambassadar, er prega av sterkt vakthald. Dette er andre gongen på tre veker rasande demonstrantar å ta seg gjennom sperringane og inn i regjeringsbygningar.
Irakiske styresmakter seier i kveld at dei har innført unntakstilstand i Bagdad, men at dei no har kontroll over situasjonen i sentrum.
Mange av tilhengjarane til den radikale sjiamuslimske presten Muqtada al-Sadr, som er ein skarp kritikar av den irakiske regjeringa, deltok i uroa i dag. Han gjekk i kveld ut med hard kritikk av politiet og militæret for det han kallar for brutal framferd mot fredelege demonstrantar.
Han sa også at han stiller seg bak dei som braut seg inn i den grøne sona i dag.
Misnøye med regjeringa
Tilhengjarane av al-Sadr, og fleire andre grupper, er sterkt misnøgde med at regjeringa ikkje klarer å hindre ytterleggåande sunnimuslimske grupper som IS i å gjennomføre sjølvmordsaksjonar mot sjiamuslimar. Fleire hundre er drepne i slike angrep i Irak dei siste månadene.
I dag greidde tryggingsvaktene ved kontoret til statsminister Haider al-Abadi ikkje stanse demonstrantane frå å ta seg inn i bygningen. Det var då tryggingsstyrkane opna eld i eit forsøk på å få dei ut.
Irakiske styresmakter stengde også fleire vegar inn til Bagdad i eit forsøk på å hindre fleire demonstrantar i å ta seg fram til den grøne sona.