Hopp til innhold

Sjå verdsarven i Palmyra frå lufta

Syriske styresmakter meiner det meste av dei forhistoriske monumenta i den syriske byen Palmyra, som i dag vart teken tilbake av syriske regjeringsstyrkar, er intakte.

Russisk video tatt med drone over Palmyra

VIDEO: Sjå verdsarven i Palmyra frå lufta

Videoen over er filma av russisk fjernsyn ved hjelp av dronar. Opptaket vart gjort fredag eller laurdag, altså medan det enno var kampar om byen.

Mammoun Abdulkarim, ansvarleg for museum og fortidsminne i den syriske regjeringa, seier til nyheitsbyrået AP at førsteinntrykket hans etter at byen vart teken tilbake, er at fortidsmonumenta er i god stand.

– Mine ekspertar vil gjennomføre ei grundig undersøking så snart vi får grønt lys frå regjeringsstyrkane, seier han.

Har har inntrykk av at det berre er gjort mindre skade på dei viktigaste monumenta under IS-okkupasjonen. Han karakteriserer tilstanden som god både for det store romerske amfiteateret, marknadsplassen, dei romerske bada og søylegangane.

– Vi skal presentere funna våre til Unesco, slik at Palmyra igjen kan kome på verdsarvlista. Palmyra er ikkje berre for Syria, det er for heile verda, seier Abdulkarim.

– Assad-styrkar har kontroll i Palmyra

IS ut av Palmyra: - Frykter flere terrorangrep i Europa

SISTE NYTT

Siste nytt