Det var det statlege syriske fjernsynet som først melde at Palmyra, ein by med svært mange forhistoriske minnesmerke, no er fullstendig under kontroll av dei syriske regjeringsstyrkane.
SOHR, som har base i Storbritannia, melde tidleg i dag at det framleis var skyting i den austlege delen av byen, men at dei fleste IS-opprørarane har trekt seg ut av byen mot aust.
Den syriske overkommandoen seier i ei fråsegn at dei har sørgja for tryggleik og stabilitet i Palmyra, og at dette er starten på slutten for IS.
Harde kampar
Det skal ha vore harde kampar om byen i løpet av natta, og regjeringsstyrkane tok over blant anna den gamle festninga og fleire bustadområde i nærleiken.
IS tok kontroll over Palmyra i mai 2015, men syriske regjeringsstyrkar og ulike militsgrupper starta ein offensiv mot byen for nokre veker sidan.
Det har vore venta at regjeringsstyrkane ville ta tilbake Palmyra i løpet av kort tid, etter at IS onsdag bad dei sivile i byen om å flykte.
Det har fleire gongar kome meldingar om at IS har
i Palmyra. Det er førebels uklart kor mange av dei historiske minnesmerka som er øydelagde, men IS sjølv melde i juni i fjor at dei hadde sprengt to mausoleum like utanfor sentrum av Palmyra.– I strid med Islam
Gravene vart sprengde fordi dei er i strid med Islam, sa ein IS-talsmann då.
Byen Palmyra står på Unescos verdsarvliste. I sentrum av byen er det fleire 2000 år gamle romerske byggverk, men det er usikkert kva som har skjedd med desse. Unesco har tidlegare sag at øydeleggingane av oldtidsruinane i Palmyra er krigsbrotsverk.
TV-bilete frå utkanten av byen viser at fleire av strukturane og søylegangane i byen framleis står, men det er vanskeleg å vurdere omfanget av skadane ut frå avstandsbilete
– Største IS-nederlag
Gjenerobringa av Palmyra kjem etter ein tre veker lang offensiv der dei syriske regjeringsstyrkane har fått betydeleg støtte frå lufta av russiske krigsfly. Dette betyr at store delar av den austlege ørkenen i Syria er opna opp for regjeringsstyrkane, frå grensa til Irak i sør til Deir al-Zor og Raqqa i aust.
Desse to byane har vore dei to viktigaste støttepunkta for IS i Syria.
Det er truleg den viktigaste sigeren for regjeringshæren etter at Russland involverte seg i borgarkrigen.
Leiar i SOHR, Rami Abdulrahman, seier at 400 IS-krigarar er drepne i slaget om Palmyra, og han kallar tapet av den historiske byen som det største nederlaget for IS sidan dei erklærte eit islamsk kalifat i 2014.
180 frå regjeringsstyrkane og militsgrupper som støttar dei, er også drepne i kampane om Palmyra, opplyser SOHR.