NRK Meny
Normal

Seks NATO-soldatar drepne

Seks NATO-soldatar er onsdag drepne i fleire kampar i Afghanistan. Nasjonaliteten til dei drepne er førebels ikkje kjend.

Ein såra NATO-soldat for hjelp

Ein såra NATO-soldat får hjelp etter ein eksplosjon i Kandahar-provinsen tysdag 12.oktober.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

Fire av dei drepne mista livet i ein bombeeksplosjon i opprørsområde sør i landet, opplyser forsvarsalliansen.

Dei internasjonale styrkane (ISAF) har førebels ikkje komt med fleire detaljar kring drapet på dei fire soldatane.

NATO varsla tidlegare at ein soldat var drepen i eit anna bombeåtak, som er hovudtaktikken til dei militante islamistane i landet.

Den sjette soldaten vart drepen i kampar mot opprørarar aust i Afghanistan, ifølgje AFP.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt