Saudi-Arabia meiner dei har bevis for at Iran stod bak angrep

Det saudiske forsvaret presenterte onsdag det dei meiner er bevis for at Iran er ansvarleg for angrepet på oljeanlegg i Saudi-Arabia i helga. USA kallar angrepet ei krigshandling.

Saudi Arabia legger fram bevis for iransk angrep

Det saudiske forsvaret seier at angrepet på landets oljeindustri kom frå nord, og at det utan tvil blei støtta av Iran. På ein pressekonferanse viste dei fram vrakrestar dei meiner beviser at Iran stod bak.

Foto: HAMAD I MOHAMMED

På ein pressekonferanse i Riyadh onsdag presenterte forsvaret i Saudi-Arabia det dei seier er bevis for at iranske styresmakter står bak angrepet på oljeanlegg i landet.

Dei viste blant anna fram missil og dronar som dei seier blei brukte i angrepet, og som dei meiner beviser Iran stod bak, sa oberst Turki al-Malki på pressekonferansen.

– Angrepet kom frå nord, og blei utan tvil gjennomført med støtte frå Iran.

Det saudiske militæret sier at angrep på landets oljeindustri kom fra nord og at det uten tvil ble støtta av Iran. Iran har senere avvist dette.

Dei hevda også at rakettane og dronane som blei viste fram på pressekonferansen er ein type våpen som ofte blir brukt av iranske styresmakter. Men utover det ønskte ikkje al-Malki å utdjupe påstanden på pressekonferansen.

– Vi jobbar framleis med å finne ut den nøyaktige utskytingsstaden.

Ikkje frå Jemen

Houthi-opprørarar i Jemen har tidlegare sagt at det var dei som stod bak angrepet. Men det blir avvist av det saudiske forsvaret.

– Sjølv om Iran ønsker at det skal sjå slik ut, kan ikkje angrepet ha kome frå Jemen, sa al-Malki, som meiner opprørarane ikkje har det som trengst for å kunne gjennomføre eit så stort angrep som det vi såg i helga.

Oberst Turki al-Malki

Talsmann for det saudiske forsvaret, oberst Turki al-Malki, seier angrepet kom frå nord, og at det utan tvil var støtta av Iran. No jobbar dei med å finne ut nøyaktig kvar rakettane blei fyrte av frå.

Foto: Amr Nabil / AP

Samtidig er ekspertar frå FN på veg til Saudi-Arabia for å leie ei internasjonal etterforsking av angrepa, melder nyheitsbyrået AFP.

Generalsekretær Antonio Guterres seier han fordømmer angrepet mot oljeanlegga, og fryktar dette skal føre til ein meir alvorleg situasjon i området.

– Eg meiner angrepet er ei alvorleg eskalering i Gulfen, og eg meiner vi absolutt må unngå at det skjer.

Onsdag landa også den amerikanske utanriksministeren, Mike Pampeo, i Saudi-Arabia. Ifølgje AFP kallar han angrepet på oljeanlegga ei krigshandling frå Iran.

USA vil trappe opp

Eit allereie kjølig forhold mellom USA og Iran har forverra seg det siste året etter at president Donald Trump trekte USA frå atomavtalen med Iran og seks andre land.

Grunnen var at han meinte avtalen ikkje gjekk langt nok. Samtidig tok USA også opp att sanksjonane mot Iran.

Onsdag varsla president Donald Trump på Twitter at han har gjeve finansminister Steven Mnuchin ordre om å trappe opp sanksjonane mot Iran etter angrepet på dei saudiske oljeanlegga.

Laster Twitter-innhold

Trump snakka med Storbritannias statsminister, Boris Johnson, på telefon onsdag. Dei diskuterte blant anna ein felles diplomatisk reaksjon på angrepa i Saudi-Arabia. Dei snakka også om at det var viktig at Iran ikkje fekk skaffe seg atomvåpen, opplyser kontoret til den britiske statsministeren.

Irans utanriksminister Javad Zarif har svara Trump på Twitter, og skriv at USA driv økonomisk krig mot Iran, og at sanksjonane går ut over vanlege iranske innbyggarar. Han omtalar sanksjonane som ulovlege og inhumane.

Laster Twitter-innhold

Iran avviser

Iranske styresmakter avviser at dei står bak angrepet, skriv nyheitsbyrået AP. Måndag sende dei ei melding til USA gjennom den sveitsiske ambassaden i Teheran der dei sa at dei ikkje hadde noko med angrepet å gjere.

Iran seier også at dei vil ta igjen umiddelbart dersom dei blir straffa for angrepet mot Saudi-Arabia i helga.

Det spente forholdet mellom Iran og USA kan også føre til at den iranske presidenten og utanriksministeren ikkje får delta på FN-toppmøtet i neste veke. USA har framleis ikkje gjeve dei to innreiseløyve.

FN-møtet blei sett på ei moglegheit for direkte samtalar mellom den iranske presidenten Hassan Rouhani og president Donald Trump, men det ser ut til å bli vanskeleg no.

SISTE NYTT

Siste nytt