Hopp til innhold

Sarkozy sikta for korrupsjon

Den franske ekspresidenten Nicolas Sarkozy er sikta for å ha utnytta ein sårbar person – den 90 år gamle L´Oreal-arvingen Liliane Bettencourt. Påtalemakta meiner han tok imot millionar i ulovleg valkampstøtte.

Nicolas Sarkozy

Fransk lov forbyr å gje vekk eller ta imot større pengegåver frå enkeltpersonar enn 40.000 kroner. Påtalemakta meiner Sarkozy fekk millionar i smøring til valkampmaskineriet frå styrtrike Liliane Bettencourt.

Foto: PATRICK BERNARD / Afp

Liliane Bettencourt er den rikaste kvinna i Frankrike.

Liliane Bettencourt er den rikaste kvinna i Frankrike, ifølgje Forbes Magazine.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

Sarkozy har i to og eit halvt år vore under etterforsking for å ha teke imot store summar i ulovleg valkampstøtte før presidentvalet i 2007.

Etterforskarane mistenkjer at opp til fire millionar euro, eller over 30 millionar norske kroner, av Bettencourt sine myntar trilla inn i pengemaskinen til Sarkozy.

Påtalemakta i Frankrike tok ut siktinga mot Sarkozy torsdag, opplyser advokaten til ekspresidenten, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Forsvararen seier at Sarkozy ankar saka uten å tenkja seg om.

Hevdar Sarkozy fekk ulovleg millionsum

Det var i 2010 at skandaleavsløringane først blei rulla opp og fransk politi opna etterforsking mot den då sitjande presidenten.

Bakgrunnen var skuldingar frå folk som jobba for Liliane Bettencourt, den rikaste kvinna i Frankrike og blant dei topp ti rikaste i verda, om at medarbeidarane til Sarkozy fekk overlevert konvoluttar med tjukke seddelbunker.

Ifølgje fransk lov er det ulovleg å gje vekk eller ta imot større pengegåver frå enkeltpersonar enn 40.000 kroner.

Den tidlegare rekneskapsføraren til Bettencourt stod sjølv fram og sa ho hadde gitt dåverande arbeidsministeren Eric Woerth over 1,2 millionar kroner i kontanter som skulle sprøytast inn i valkampen til Sarkozy. Woerth styrte finansane i Sarkozy sitt oppløp til valet.

– Utnytta person med dårleg helse

Like før siktinga blei teken ut torsdag, kalla dommaren i saka vitnene og Sarkozy (58) inn til eit møte for å prøva å få klarheit i kor mange gonger Sarkozy vitja huset til Bettencourt i løpet av valkampanjen. Sarkozy påstår hardnakka at det berre skjedde éin gong.

Styrtrike Bettencourt er no 90 år gammal og har vore ved dårleg helse sidan 2006. I tiltalen heiter det at Sarkozy utnytta ein person med svekt helsetilstand.

Påtalemakta kunne ikkje straffeforfølgja Sarkozy medan han sat som president. Denne immuniteten mista Sarkozyen då han i 2012-valet gjekk på eit nederlag mot sosialistkandidaten Francois Hollande.

I fjor ransaka politiet bustadane og kontora til Sarkozy og kona hans Carla Bruni-Sarkozy. I tillegg gjennomførte tre dommarar eit 12 timar langt avhøyr av den no tiltale 58- åringen.

SISTE NYTT

Siste nytt