Mistanke om pengejuks i samband med presidentvalkampen i 2007 er årsaken til at fransk politi no startar ei etterforsking av den franske presidenten Nicolas Sarkozy.
- LES OGSÅ:
Det er den rikaste kvinna i Frankrike, Liliane Bettencourt som skal ha støtta Sarkozy sin valkampanje før presidentvalet i 2007 med 150.000 euro eller om lag 1,2 millionar kroner i kontanter.
L`Oreal-arving står bak
Bettencourt er arvingen bak kosmetikkimperiet L`Oreal. Personen som varsla politiet om den ulovlege pengeoverføringa er ein tidlegare rekneskapsførar i selskapet.
Pengane skal ha vorte overførte som ei «gåve» i kontanter til arbeidsminister Eric Woerth tidleg i 2007. Den gong var Woerth kasserar i partiet UMP.
Både Sarkozy og Woerth avviser skuldingane om at det skal ha skjedd noko ulovleg.
Grense på 40.000
Ifølgje fransk lov skal private bidrag til politiske valkampanjar avgrensast til om lag 40.000 kroner. Det er dessutan ikkje lov å betale ein høgare sum enn 1200 kroner i kontantar.
Franske styresmakter har også tidlegare hatt L’Oreal-eigaren Bettencourt i søkjelyset.
- LES OGSÅ:
Den 87 år gamle kosmetikk-arvingen vert etterforska for skatteunndraging og kvitvasking av pengar, skriv nyheitsbyrået Reuters.