NRK Meny
Normal

Samanlikna avdød mafiasjef med paven

Borgarmeisteren i Roma har klaga den statlege fjernsynskanalen RAI inn for den italienske varianten av Kringkastingsrådet, etter at dottera til ein nyleg avdød mafiasjef samanlikna faren med paven i eit populært program i går

Mafiagravferd i Roma.

Mange har reagert på den storslåtte gravferda til mafiasjefen Vittorio Casamonica i Roma 20. august i år.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Romas borgarmeister Ignazio Marino kjempar til dagleg ein hard kamp mot ei mafiagruppering som blir kalla «Mafia Capitale», og som i fleire år har hatt svært gode kontaktar i både byadministrasjonen og den politiske leiinga i Roma. Det har vore sagt at grupperinga har hatt minst eitt sugerøyr inn i den romerske bykassa .

Mafiagravferd i Roma.

«Kongen av Roma» står det på denne plakaten, som var ein av mange med bilete av Vittorio Casamonica på basilikaen der gravferda gjekk føre seg.

Foto: Massimo Percossi / Ap

Marino er sjølv ikkje mistenkt for å vere i lomma på mafiaen, men mange både politikarar og tenestemenn er i antimafia-politiet sitt søkjelys. Samstundes står det dårleg til med økonomien i byen

– Var for godhjarta

Det er på denne bakgrunnen at Ignazio Marino har reagert så sterkt på det populære fjernsynsshowet «Porta a Porta» si sending i går. Då var nemleg fleire familiemedlemer til den nyleg avlidne mafiasjefen Vittorio Casamonica (65) gjestar i programmet, blant dei dottera Vera Casamonica.

Ho avviste alle skuldingar om at faren hadde noko med organisert kriminalitet å gjere, og ho samanlikna han med pave Frans.

Borgarmeister i Roma, Ignazio Marino.

Borgarmeister Ignazio Marino reagerer sterkt på det han meiner er mafiaglorifisering på statskanalen RAI.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

– Han vart kalla paven fordi han var for godhjarta, slik som pave Frans, sa Vera Casamonica blant anna, ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Ignazio Marino har retta klagen sin til parlamentskomiteen som har ansvaret for å følgje opp det statlege kringkastingsselskapet RAI. Denne komiteen kan samanliknast med det norske Kringkastingsrådet, som skal halde NRK i øyra.

Mafiagravferd i Roma.

Det siste stykket inn i basilikaen vart kista med Vittorio Casamonica boren av familiemedlemer og kollegaer.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

– Ikkje akseptabelt

– Det at Casamonica-familien deltek i eit så populært program er både alvorleg og paradoksalt. Det er ikkje akseptabelt for ein allmennkringkastar, seier Ignazo Marino.

Det famøse fjernsynsprogrammet kjem mindre enn tre veker etter at Vittorio Casamonica si storslåtte gravferd i Roma 20. august. Mafia-gravferda vekte stor oppsikt, og det skjedde med så mykje pomp og prakt som ein berre opplever når statsleiarar og mafiasjefar skal førast til den siste kvilen.

Kista med Vittorio Casamonica vart køyrt gjennom gatene til basilikaen der gravferda gjekk føre seg i ei overdådig pynta vogn, som vart trekt av seks svarte hestar pryda med svarte fjør. I lufta over kista flaug eit helikopter, som sleppte tusenvis av roseblad over gravfølgjet.

Eit eige hornorkester spelte temaet frå den vidgjetne mafiafilm-trilogien «Gudfaren» medan kista vart ført fram til basilikaen.

Mafiagravferd i Roma.

Eit hornorkester spelte temaet frå Gudfaren-filmane under gravferd. På plakaten bak trompetisten står det: «Du erobra Roma, no skal du erobre paradis».

Foto: Massimo Percossi / Ap

– Han likte musikken

I fjernsynsprogrammet fekk dottera Vera Casamonica spørsmål om kvifor dei spelte Gudfaren-temaet, når ho sa at faren ikkje hadde noko med mafiaen å gjere.

– Far likte denne musikken og vi fylgde berre det siste ynsket hans, svarte ho.

Viseborgarmeister Marco Causi krev på si side ei orsaking frå RAI.

– Eg håpar at nokon i RAI har vit nok til å be Roma, romarane og alle andre innbyggjarar om orsaking.

44 arresterte i aksjon mot Mafia Capitale

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt