– Roma er på randa av kollaps. Det er ikkje akseptabelt at ein storby som reknar seg som moderne, kan vere i så stor grad prega av forfall, seier leiaren for handelskammeret i byen, Giancarlo Cremonesi til nyheitsbyrået Reuters.
Det er mange teikn på forfall i Roma. Arbeidet i administrasjonen er lamma etter avsløringane av at ei mafiagruppering kalla Mafia Capitale (hovudstadsmafiaen) har infiltrert byadministrasjonen og sikra seg nærmast
.Mafia Capitale
Infiltrasjonen skjedde i hovudsak under den tidlegare borgarmeisteren, Gianni Alemanno, som er under politietterforsking. No meiner etterforskarane at mafiagrupperinga har greidd å spreie fangarmane sine også inn i den nye administrasjonen til sentrum/venstre-borgarmeisteren Ignazio Marino.
Marino er sjølv ikkje mistenkt, men fleire medlemer av administrasjonen hans er under etterforsking. Sist månad vart
i saka.I eit innlegg i storavisa Corriere della Sera denne veka vedgår Marino at store delar av den romerske administrasjonen «i all hovudsak er roten». Han lovar likevel å halde fram kampen for å rydde opp.
– Det er kraftig motstand mot å gjere endringar her, men eg kjem ikkje til å gi opp, skriv han i innlegget.
Rotteinvasjon i sentrum
Den største avisa i Roma, «Il Messaggero», hadde følgjande toppoppslag ein dag sist veke: «Roma raknar i saumane».
Avisa viste blant anna til ein rotteinvasjon i sentrum av byen. Søppelet hopar seg opp, graset veks vilt langs fortauskantane, graffitien grip stadig meir om seg og byen si gjeld er oppe i 14 milliardar euro, 126 milliardar norske kroner.
Arbeidsløysa har ikkje vore høgare sidan 1970-talet, den økonomiske nedgangen er den største sidan andre verdskrig. T-banesystemet har vore ramma av mange ulovlege streikar, noko som har ført til store forseinkingar.
Roma er eitt av verdas mest populære turistmål, 10,6 millionar turistar var innom byen i fjor. I 2016 er det venta 25 millionar pilegrimar til byen, etter at pave Frans har erklært 2016 for eit ekstraordinært heilagt år, eit såkalla jubelår.
LES OGSÅ:
– Treng eit mirakel
Leiaren i Romas handelskammer, Giancarlo Cremonesi, fryktar at situasjonen i byen blir endå verre i 2016, når hordar av pilegrimar kjem til «Den evige stad».
- Bønene til paven er ikkje nok. Vi treng eit skikkeleg mirakel frå Vårherre dersom Roma skal stå fram som ein bra by, seier han til nyheitsbyrået Reuters.
– Alle kundane mine seier at Roma er ein vakker by, men alle, utan unntak, klagar på dårleg service, seier Marcello Lazazzera til nyheitsbyrået Reuters. Han driv den vesle overnattingsstaden Domus Cornelia i sentrum av byen.
– T-banetoga kjem aldri i tide, stasjonane er fulle av lommetjuvar og gatene er fulle av søppel. Og situasjonen blir stadig verre, seier den fortvilte vertshuseigaren.